NRK Meny
Normal

Mange har bestemt seg, men Kristiansund-ordføraren vil vente

Det første notatet i Orkide si utgreiing om kvar Nordmøres skal høyre til i framtida er no lagt fram.

Kjell Neergaard

KJell Nergaard vil vente på faktagrunnlaget før han bestemmer seg.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Notatet handlar først og fremst om samferdsel og gir ikkje noko eintydig svar på om det er lurt å tilhøyre ein trøndelagsregion eller å halde fram i Møre og Romsdal. Delrapportane blir i tida som kjem lagt ut på nettsida til Orkide, ordførar- og rådmanns- kollegiet på Nordmøre.

Meiner vårt fylke blir for lite

Men allereie før rapportane kjem har mange politikarar bestemt seg. På rekke og rad har profilar og tidlegare ordførarar som Dagfinn Ripnes, Knut Engdal og Harald Stokke stått fram og sagt at vårt fylke blir for lite. Til liks med Nordmørslista er deira budskap at vi må gå nordover til Trøndelag.

Veteranar i bystyret i Kristiansund

Både Dagfinn Ripnes og Harald Stokke ser nordover.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Regiondebatten skal foregå på veldig kort tid, meiner Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard.

Han viser til at i mai vedtok fylkestinget at Møre og Romsdal skal utgreie ulike alternativ der berre heile Møre og Romsdal var ein del av alternativa.

– Det var ikkje vi på Nordmøre fornøgde med, så vi er i full gang med ei utgreiing på eige grunnlag om delar av fylket kan gå nordover til Trøndelag.

Denne utgreiinga skal vere ferdig 20.oktober, før fylkestinget behandlar saka.

Stortinget avgjer

– Etter det skal vi i Orkide sjå om vi kan bli samde om ein felles ståstad i forhold til region. Viss ikkje kan kvar enkelt kommune kome med sine innspel slik at fylkestinget veit kva vi ønskjer før dei gjer vedtak i desember.

Siste ord er ikkje dermed sagt, sidan fylkesmannen også skal kome med si innstilling, og Stortinget skal avgjere korleis landet skal sjå ut våren 2017.

– Viss fykestinget vedtar noko som ingen kommunar på Nordmøre ønskjer, så blir det vår oppgåve å påverke stortingsrepresentantane til å jobbe for vår sak, seier Neergaard.

Forundra over fylkestinget

Difor er han også forundra over at fykestinget har utgreidd alternativ som han meiner ikkje er reelle.

Jon Aasen

Kjell Neergaard er forundra over dei utgreiingane fylkestinget og fylkesordførar Jon Aasen ikkje har gjort.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Møre og Romsdal mot Oppland, Møre og Romsdal åleine med Sogn og Fjordane er alternativ som har falt undervegs. Møre og Romsdal er eit sannsynleg alternati. Men det undrar meg at fylkestinget ikkje har villa utgreidd det andre sannsynlege alternativet, nemleg at delar av fylket går nordover, medan delar av fylket går sørover.

Difor har Orkide tatt på seg den utgreiingsoppgåva. Og sidan det arbeidet er i gang vil han vente med å konkludere til faktagrunnlaget er klart, sjølv om mange ønskjer å starte samtalar med Trøndelag med ein gong.

– Det er ei tung beslutning å vedta om vi skal halde fram som i dag, eller om vi skal skifte region. Då må vi ha eit grunnlag å ta beslutninga på, og det skal vi få.