NRK Meny
Normal

Mange gardsbrannar: No skal gardsbruka el-sjekkast

Kvart år brenn det i om lag 200 driftsbygningar på gardsbruk i Noreg. No skal dei elektriske anlegga på gardsbruka undersøkast.

El-inspeksjon fjøs

I dag var El-tilsynet på Nordmøre på besøk hos Bådalen samdrift.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Berre på Nordmøre skal 400 gardsbruk inspiserast av dei lokale El-tilsyna. Det inneber at kvar einaste kabel og kvart einaste punkt skal undersøkast.

Ivar Eivind Grønlie

Ivar Eivind Grønlie er medeigar i Bådalen samdrift.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dersom dei finn feil må vi rette opp i det etterpå. Det får berre vere så dyrt det vil. Det vert uansett dyrare om fjøsen brenn, seier bonde Ivar Eivind Grønlie. I dag hadde Bådalen samdrift der han er medeigar besøk av El-tilsynet.

Store verdiar har gått tapt

I 2015 blei det registrert 300 landbruksbrannar i Noreg. 120 av brannane skjedde i bustadhus medan 180 brannar skjedde i driftsbygningar. Verdiar for nær 398 millionar gjekk tapt, ifølgje Landbrukets brannvernkomité. Tala for 2016 kjem om nokre veker.

Landbruket har innført stadig betre branntryggingstiltak. Likevel har talet på brannar jamt over auka. I 2010 var det storbrann i 130 driftsbygningar. Det verste året var 2014, då det brann i 241 driftsbygningar.

Mykje elektrisk utstyr

Årsaka til auken er ikkje endeleg fastlagt. Men mykje tyder på at auken kan skuldast stadig meir elektronikk og elektrisk utstyr i driftsbygningane. I 2013 blei det publisert ein rapport som viser at feil på og feil bruk av elektrisk utstyr er den viktigaste årsaka til dei fleste brannane i landbruket.

Rolf Magne hansen

Rolf Magne Hansen er leiar i El-tilsynet på Nordmøre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vi undersøkjer no korleis det elektriske anlegget er tilpassa bruk i driftsbygningane. Det er svært tøff bruk. Og vi må sjå på korleis ting er plassert i bygningen, seier Rolf Magne Hansen. Han er leiar for El-tilsynet på Nordmøre.

I fjøset til Bådalen samdrift kan han slå fast at det ikkje er plassert elektrisk utstyr der dyra går. Og det elektriske utstyret som er nær dyra er plassert så høgt at dyra ikkje kan nå tak i det.

Bådalen var første stopp for El-tilsynet p Nordmøre. I alt skal 400 gardsbruk berre på Nordmøre får besøk. Det er El-tilsynets faglige forum som no set fokus på saka. Desse faglege foruma arbeider sjølvstendig. Det betyr at kontrollane blir gjennomført på ulike vis rundt om i landet. På Nordmøre har El-tilsynet valt å gjennomføre ein svært omfattande gjennomgang.

– Bøndene har travle dagar med fokus på dyra og dyrehelsa. Så vi finn ein del feil. Men bøndene er positive og vil utbetre der det er feil på anlegga, seier Hansen.

Frå før har fleire forsikringsselskap kravd undersøkingar av dei elektriske anlegga på driftsbygningane. Forsikringsselskapa Gjensidige, Eika, If, Sparebank1 og Landbruksforsikring innførte krav om el-kontroll for alle gardsbruk som har husdyr av eit visst omfang, varmluftstørke og større bygningsverdiar frå 1. januar 2016.

Desse selskapa dekkjer om lag 95 prosent av den norske landbruksmarknaden, der Gjensidige åleine har ein marknadsandel på 70 prosent. Til saman forsikrar desse selskapa 30.000 gardsbruk. Alle desse gardsbruka skal el-sjekkast innan ein treårsperiode frå 1. januar 2016.