Hopp til innhold

Mange er ramma

Det var unge menneske som omkom i Eiksundtunnelen. Eit heilt samfunn er ramma.

Ulykke Eiksundtunellen
Foto: Åge André Breivik / NRK

Ordførar Gudny Fagerhol (Ap) seier til NRK at det er mange familiar som er ramma av tragedien.

- Det er forholdsvis unge menneske, dette. Det er mange familiar som er involverte. Det er berre heilt tragisk, seier ho.

Frykta ei ulykke

Gudny Fagerhol etter dødsulykka i Eiksundtunnelen
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Fire av dei fem som miste livet i Eiksundtunnellen seint i går kveld er frå Ørsta. Ein er frå Ulstein. Gudny Fagerhol seier ho har frykta ei alvorleg ulykke i verdas djupaste undersjøiske tunnel.

- Eg har vore veldig redd for at dette skulle skje, og no har det skjedd, seier ho til NRK.

Les: - Flammer og en voldsom røyk

Fagerhol leiar krisetegruppa og har varsla pårørande i natt. Ulykka rammar hardt i eit lite lokalsamfunn.

- Det går inn på alle og einkvar når såpass mange familiar blir ramma. Det har vore tungt å jobbe med dette i natt, seier ordføraren.

Den første artikkelen: Fem omkom i tunnelulykke

Vanskeleg å identifisere

Arbeidet med å identifisere dei forulykka har vore vanskeleg.

Dette arbeidet er ikkje ferdig, men Fagerhol seier dei kjenner seg ganske sikre på kven dei omkomne er, utifrå opplysningar frå vener og familie.

- Utover dagen i dag blir det veldig viktig å gi rett informasjon. Det skal vi i krisegruppa sørge for, saman med politiet.

- Dei pårørande skal få sleppe å forhalde seg til rykte, seier Gudny Fagerhol til NRK.

Les også:

Sikkerhetssjekk forrige uke

Personer fra Ørsta og Ulstein døde

Fem døde i verdens dypeste