NRK Meny
Normal

Månen og Ivar Hol seier snøen kjem 12. januar

Rett nok har delar av fylket hatt noko snø allereie, men det store snøfallet som markerer at no er det vinter, har i stor grad uteblitt på våre breiddegrader.

Måne over Namdalen

Om måner står i nord, sør, aust eller vest er avgjerande for korleis veret blir, seier Ivar Hol

Foto: Kjartan Trana/NRK

Allereie i haust kunne avisene fortelje at Ivar Hol kunne slå fast at det ikkje ville bli julesnø i låglandet i år. Og sidan jula er rett rundt hjørnet ser det ut til at han skal få rett.

– Eg er ikkje så forundra over det. Dei tre siste fullmånane stod i sør og litt i vest, og då blir det mildt, og nedbøren kjem som regn.

Hol har blitt kalla både månetydar, verprofet og endog spåmann. I alle fall har han i over eit tiår gjort sine notatar og følgt veret nøye. Og det han har kome fram til har vore godt stoff i radio og aviser.

Men så blir det snø

Snøver

Knappe to veker ut i 2017 kan det bli snøver i låglandet i Møre og Romsdal.

Foto: Jan Ove Nygård

– Den første fullmånen i 2017 kjem 12. januar, og då står den i nord og litt i aust. Det er ikkje sikkert det kjem så mykje nedbør når den står i aust, men det blir kaldt når den står i nord. Så den nedbøren som kjem då, den kjem som snø, slår Hol fast.

I tillegg til å kike opp på sjølvaste månen viser Hol også til almanakken. Den fortel når og kvar månen «tenner», og er den same kunnskapen som forfedrane våre brukte.

Verprofet ser bakover

Verprofetar har det med å sjå framover. Men Ivar Hol ser villig tilbake også på det veråret vi er i ferd med å legge bak oss.

– I juni og juli stod månen ofte i sør, og det tydar på ein mild sommar. Månen stod skjeldan i vest, og det tydar på lite nedbør. Og viss vi huskar tilbake. så var det lite nedbør frå mars - juli.

Ivar Hol seksjonsleder i statens vegvesen om køsniking på fergeleia i molde

Ifølge Ivar Hol kan det bli behov for allversjakke i fellesferien.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Månen er altså hjelpemiddelet og vervarselet som bønder og fiskarar alltid har brukt når dei ikkje hadde andre ting å hjelpe seg med. Den same månen er det Ivar Hol viser til når han forklarar kvifor veret blei som det blei, og når han ser framover for å fortelje korleis det blir.

– Dette er ikkje noko eg har funne på, månen har vore ei rettesnor for veret i all tid.

Ups for fellesferien

Året vi går inn i om vel ei veke blir relativt mildt, og veldig varierande på verfronten, ifølge Hol.

– Skal ein helle kaldt vatn i blodet på folk, så er det eit faktum at den 9.juli så tenner fullmånen rett i vest. Det er ikkje noko godt teikn for fellesferien. Vestaver er ikkje noko vidare på våre trakter...

Her kan du sjå Væråret 2016 på NRK1 frå klokka 20:

Tre generasjoner Gislefoss pynter sitt helt spesielle juletre. Gjenopplev isende kulde, rekordvarme, storm, solskinn og pøsregn sammen med hele Norges værfamilie.