Hopp til innhold

Mamma Kristine tek seg av medaljane

Friidrettsfenomenet Karsten Warholm (19) frå Dimna idrettslag fyller opp premieskapa heime, men det er mamma Kristine Gølin Haddal som tek seg av samlinga.

Mamma Kristine teg seg av medaljane til friidrettsfenomenet Karsten Warholm (19).

Mamma Kristine Gølin Haddal tek seg av alle medaljane som Karsten Warholm kjem heim med frå friidrettsarenaen. Foto/redigering:ARNE FLATIN

Etter kvart meisterskap registrerer ho og "arkiverer" alle gullmedaljane, og dei har det vorte mange av.

Seinast no nyleg vart det sju gull i innandørs UM i Ulsteinhallen. Karsten Warholm sette både personlege rekordar og meisterskapsrekordar, og dermed må mamma Kristine på nytt leite fram penn og papir for å få merkt alle premiane før dei vert hengde opp i kjellaren.

Premiesamlinga til Karsten Warholm

Premiesamlinga til Karsten Warholm

Foto: Arne Flatin / NRK

Heidersplass i stova

For det er i kjellaren dei har fått plassen sin, alle premiane til friidrettstalentet. Ho kunne godt hatt dei i stova også, hevdar ho, men då hadde det tatt mykje veggplass.

Ein medalje har likevel fått heidersplass i stova, nemleg VM-gullet i mangekamp frå 2013 i Ukraina.

Ventar med å studere premiesamlinga

Sjølv har ikkje Karsten Warholm noko sterkt forhold til premiesamlinga no. Alt går i eitt for tida for 19-åringen som også er russ denne våren ved Ulstein vidaregåande skule. Skulen ligg for øvrig vegg i vegg med den nye Ulsteinhallen og løpebana på gamle Høddvoll, der Karsten trenar.

Om nokre år vil han nok kunne lene seg tilbake for å studere ei premiesamling som er endå meir imponerande enn det han har hanka inn så langt. Warholm er spådd ei lysande framtid på friidrettsbana og leverer den eine rekordtida etter den andre.

Karsten Warholm med 7 UM-gull

Karsten Warholm med 7 UM-gull.

Foto: Arne Flatin / NRK

Store bunkar avisklipp ventar

Men på heimebane er det altså mamma Kristine som har orden på premiane. Når det gjeld avisutklipp ligg ho likevel eit stykke bak. Ho har starta på jobben, men så langt har det vorte berre eitt album. Store bunkar med avisklipp ligg og ventar.

No har Karsten Warholm konkurransefri ei stund, men i mai/juni startar det opp for fullt igjen, og kjem til å gå slag i slag ut over sommarmånadene.

Og uansett kva han måtte kome heim med av medaljar kan han vere trygg på at mamma Kristine tek seg av dei på ein god måte!

Karsten Warholm saman med foreldra

Karsten Warholm saman med foreldra, Mikal Marø Warholm og Kristine Gølin Haddal.

Foto: Arne Flatin / NRK