Hopp til innhold

Mamma fortvilar: Instagrammen til Anette (15) er hacka og blir brukt til svindel

Instagram-kontoen til Anette (15) frå Molde er hacka. Hackaren brukar kontoen til svindel og krev pengar for å gje han tilbake. Mammaen til Anette saknar hjelp frå Instagram.

Daniela Krokaa: Hackarar misbruker dottera sin Instagram-konto til svindel

HACKA: Dette er Instagram-kontoen til Anette Krokå (15) i Molde. Verken Anette sjølv eller mor Daniella har kontroll over kontoen. Den er hacka av eit ukjent menneske som vil ha pengar for å gje kontoen tilbake.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det heile skjedde då den 15 år gamle Molde-jenta Anette Krokå styrte på med Instagram-kontoen. Opp og ned skrolla ho og såg på fine bilete, morosame bilete og andre bilete som nære vener og ikkje fullt så nære vener hadde lagt ut.

Plutseleg dukka det opp eit bilde i historiefeltet øvst oppe på sida. Det var frå ei nær venninne. Eller det var tilsynelatande frå ei venninne. Seinare skulle det vise seg at det slett ikkje var frå venninna. Tvert om. Dette var starten på det som no kan utvikle seg til ei kriminalsak.

– Eg er så skremd. For dette er farleg. Han brukar identiteten til dotter mi og svindlar andre.

Det seier mor til 15-åringen, Daniella Krokå. 15-åringen sjølv syns det som har skjedd er kjempeflaut, og vil helst ikkje snakke direkte med NRK. Men ho har godkjent at NRK omtalar saka.

Hacka instagramkonto. Må kun brukast i saka om Anette Krokaa.

Etter at mamma Daniella Krokå nekta å betale for å få tilbake kontoen er både ho og eigaren av kontoen Anette (15) stengde ute.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det byrja med ei gåte

Det byrja altså med ei lita melding i historiefeltet på Instagramkontoen. Meldinga hadde form av ei gåte. Og saman med gåta låg det ein lovnad om ein liten pengepremie:

Eg vippsar 10 kroner til den som gjettar riktig på denne gåta

Personen som hacka mobiltelefonen

10 kroner er ikkje mykje pengar. Men nok til å kunne bli med på det som tilsynelatande berre var ein artig leik.

– Dottera mi svarte sjølvsagt på gåta, seriar Daniella.

Men for personen som hadde lagt ut gåta var det ikkje nok med eit svar. Han ville også ha telefonnummeret til den som svarte, for han skulle jo sende premien på Vipps.

– Ho trudde jo det var frå ei venninne. Så ho skreiv jo telefonnummeret sitt.

Les også Eckhoffs Instagram og Facebook ble hacket: – Det var full panikk

Sesongstart skiskyting

Miste kontrollen over Instagram

Med telefonnummeret i hende klarte så hackaren å få kontroll over Instagramkontoen. Anette fekk ei lenke frå hackeren, men seier at ho ikkje klikka på denne lenka.

Uansett så skjedde det: Ho mista all kontroll over Instagram-kontoen sin.

– Der begynte trøbbelet. Det er skremmande å tenkje på kva han kan gjere med bileta til ungdommane. Han ber om pengar og dette er svindel, seier Daniella.

Daniella viser NRK skjermdump av kontakten han har hatt med fleire av jentene i venninnegjengen.

– Eg har også hatt ein lang dialog med han. Men det endar opp med at han gjev meg ei lenkje der eg kan betale ein sum for å få kontoen tilbake.

Internett svindel på Instagram

Mor Danielka Krokå har kommunisert med hackaren i håp om at dottera på 15 år skulle få tilbake kontrollen over Instagram-kontoen sin.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Frykt, freistingar og tillit

Fagleg leiar i Norsk senter for informasjonssikring, Karoline Tømte, seier at Annette og mamma Daniela slett ikkje er åleine. Men denne saka har ei noko uvanleg side. For her handlar det ikkje berre om at hackaren har fått tilgang ved å lure 15-åringen til å klikke på ei lenke.

Karoline Hultman Tømte. Faglig leder i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).

Karoline Hultman Tømte er fagleg leiar i Norsk senter for informasjonssikring.

Foto: Norsis

– Her er det også snakk om sosial manipulering der det blir brukt frykt, freisting og tillit. Og det ser ut til at svindlaren er ute etter umiddelbar økonomisk vinning, seier Tømte.

Ho seier det er fullt forståeleg at 15-årige Anette i Molde har handla i god tru og har svart på eit spørsmål frå nokon ho trudde ho kjende.

Kvar dag får Norsis/Slettmeg mellom 10 og 15 saker om kontokapring på Facebook og Instagram.

– Svært mange av desse sakene kunne ha vore unngått om brukarane hadde skrudd på totrinns-pålogging, seier Tømte.

Les også Mina ble hacket på Instagram: – Det er veldig ubehagelig

Mina Louise Moen Eilertsen

Les også Marie fikk profilbildene misbrukt av internasjonale svindlere

Marie Stokka fra Jørpeland fikk profilbildene sine stjålet.

– Eg føler meg heilt åleine

Både Instagram og Facebook har hjelpesider med lenkjer som skal brukast når kontoar blir hacka. Desse har ikkje vore til hjelp for familien i Molde.

Deretter har dei forsøkt fleire gonger å kontakte Instagram direkte. Dei har sendt e-postar utan å få respons.

– Eg tykkjer Instagram bør bli flinkare til å hjelpe brukarar som kjem i vanskar. Vi har rapportert kontoen som hacka og vi har sendt mange e-postar og vi har fylt ut skjema. Men vi får ikkje svar.

Daniella Krokå er oppteken av at dei ikkje er åleine, og at det på verdsbasis truleg er mange millionar som er i same situasjon.

– Og kva gjer Instagram med det? Let dei berre hackarane halde på? Nokon må no gjere noko med dette. Eg føler meg heilt åleine. Det er skremmande at vi ikkje får svar.

Lenke for svindel

Dette er lenka som hackaren vil at mamma Daniella Krokå skal bruke til å betale for å få tilbake Instagram-kontoen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Blir politisak

Fredag morgon tok Daniella Krokaå kontakt med politiet i Molde. Ho orka rett og slett ikkje tanken på at hackarar skal få lov til å halde fram med svindel.

– Det er så alvorleg at eg kan ikkje la vere. Det er rett og slett datakriminalitet. Og folk som opplever sånt må melde dette til politiet. Det handlar om å beskytte samfunnet, seier Daniella Krokå til NRK.

Meta svarar

NRK har lagt fram saka for eigaren av Facebook og Instagram, Meta. Vi har stilt spørsmål ved Meta sitt ansvar for å hindre hacking, om dei tykkjer eigne system er gode nok og om dei tykkjer dei er flinke nok til å hjelpe brukarane som er blitt hacka.

– Vi har full forståing for at det er ubehageleg å bli utsett for hacking. For å unngå dette er det utruleg viktig å beskytte profilane sine. Vi tilbyr forskjellige verktøy mot hacking, og rår alle til å aktivere totrinnsverifisering og slå på varslar om ukjente innloggingar, seier Camilla Nordsted, kommunikasjonssjef Nordics i Meta til NRK.

Nordsted oppmodar alle som blir hacka om å rapportere dette til Meta. Gjennom NRK har Meta også bede om å få kontakt med familien slik at dei kan gjennomgå saka til familien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL