NRK Meny
Normal

Mamma ber den nye regjeringa om hjelp til Daniel (10)

Karina Eidem frå Ålesund ber statsministeren sørge for at sonen Daniel får den hjelpa han treng. Guten blei kvalt av eit hoppestrikk i barnehagen då han var tre år gamal.

Daniel og Karina Eidem

Karina Eidem seier sonen Daniel (10) har kravd begge foreldra heime i lange periodar etter kvelingsulykka. Dei meiner det ikkje hadde vore mogleg med den nye Pleiepengeordninga, som blir innført om to veker.

Foto: privat

Daniel Eidem har blitt ti år gamal, og er totalt pleietrengande. Under leik i barnehagen då han var 3 1/2 år blei han kvalt av eit hoppestrikk, og fekk ein omfattande hjerneskade.

1. oktober blir det innført ny Pleiepengeordning i Noreg, og mora, Karina Eidem, fryktar at det skal medføre dårlegare kår for barn som Daniel.

– Det er katastrofalt for dei familiane som kjem ut for ulykker og sjukdommar som krev at ein er innlagt på sjukehus over lang tid, og at begge foreldra er til stades, seier Eidem.

Den nye ordninga opnar for at fleire sjuke barn får pleiepengar, men den er tidsavgrensa.

Kom heim som ein heilt annan

Daniel Krister Lutman

Daniel Krister Lutman var berre tre år gamal då han blei kvalt i barnehagen. Han blei aldri den same. Dette bildet blei tatt rett før ulykka.

Foto: privat

Karina Eidem fortel at livet blei snudd heilt på hovudet etter ulykka i 2010. Med eit knips var den friske treåringen totalt avhengig av hjelp.

«Vi kom hjem med en sønn uten egenbevegelser i kroppen, uten språk, han kunne ikke spise selv, krevde to personer store deler av dagen, oppkastproblematikk, intensiv fysioterapi for å forebygge feilstillinger som kommer de sterke spasmene han har, og mye trening for å styrke kroppen».

Fleire foreldre reagerer

Det er fleire foreldre til svært sjuke barn som reagerer på den nye støtteordninga. Det siste døgnet har fleire skrive til statsminister Erna Solberg om saka. Karina Eidem posta søndag eit innlegg på Facebook-sida til Erna Solberg, der ho skriv at dei to foreldra ikkje hadde klart seg økonomisk, med den nye Pleiepengeordninga. Etter 260 dagar blir kompensasjonen redusert til 66 prosent av inntekta.

– Eg håper dei forstår at ordninga ikkje kjem til å fungere slik dei håper. Når barna er innlagt lenge på sjukehus, kjem foreldra til å slite økonomisk, seier Eidem.

For familien på Sunnmøre gjorde skadene til Daniel mellom anna at dei måtte byggje om huset for å tilretteleggje to-etasjes-leiligheita til ein rullestolbrukar. Dei var difor avhengige av fulle inntekter, sjølv om begge passa på den svært sjuke sonen.

Eidem er også uroleg for kva som skjer når guten hennar blir 18 år, og foreldra ikkje lenger har krav på støtte frå ordninga. Sjølv om ho ser at mange fleire no får glede av ordninga, meiner ho det råkar dei sjukaste hardt.

– Eg trur ikkje heilt dei har forstått kva dei har bestemt, seier ho, berre fjorten dagar før ordninga trer i kraft.

Urettferdig før
Anniken Haulie

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie seier at den nye ordninga gjer at fleire foreldre kan vere heime og pleie sine alvorleg sjuke barn.

Foto: NRK

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie seier at mange opplevde den gamle ordninga som urettferdig og uføreseieleg. Ho meiner den nye ordninga gjer det lettare for foreldre å kombinere pleieoppgåver og delvis arbeid.

– Eg understrekar likevel at pleiepengar framleis er ei midlertidig inntektsordning for foreldre som er i arbeid. Det finst andre støtteordningar som blant anna omsorgsløn og hjelpestønad, i tillegg til kommunale helse- og omsorgstenester, som også er viktige ordningar for familiane, seier ho.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar til saka frå statsminister Erna Solberg.