Målprisen til Hødd

Hødd IL får Sunnmøre Mållag sin målpris for 2019. I grunngivinga si skriv dei at Hødd har vore eit førebilete ikkje berre sportsleg, men også språkleg og kulturelt. – Det som gjer Hødd særskilt kvalifisert til denne prisen, er at laget sin nynorsk også er nesten lytefri. Og «nesten lytefri» er ein kompliment i ei tid der respekten for rett språk er som vasstanden ved fjøre sjø. På lågmål. Dei er ei glede for Sunnmøre Mållag å gi målprisen til ein verdig vinnar og jubilant som fyller 100 år i år, skriv Mållaget. Prisen blir delt ut på Sunnmøre Mållag sitt årsmøte på Ivar Aasen-tunet i dag.

Nevstad og Aursnes
Foto: IL Hødd