NRK Meny

Målpris til Harald Kjølås

Sunnmøre Mållag sin målpris for 2016 går til Harald Kjølås, skriv Sunnmørsposten. Han har vore redaktør i Sunnmørsposten i ei årrekke, og var politisk redaktør då han gjekk av med pensjon. – Avgjerande for tildelinga av målprisen har vore den skriftlege bruken hans av språket som pressemann og forfattar, heiter det i ei pressemelding frå Sunnmøre Mållag.