Hopp til innhold

Hevdar kapteinen ville blitt stoppa med makt i dag

Den koreanske kapteinen på Arisan nekta gjentekne gongar å ta imot hjelp før skipet forliste og forureina strendene på sunnmørskysten for 25 år sidan. Kystverket hevdar det aldri kunne skjedd i dag.

Arisan forliser

Skipet hadde 17 motorstopp på strekninga sørover frå Narvik til Herøy på sunnmørskysten. Natt til 12. januar 1992 gjekk skipet på grunn og store mengder olje lak ut.

Foto: NRK

Det breidde seg eit tjukt, svart og seigt belte av illeluktande olje langs strendene ved Runde på Sunnmøre 12. januar 1992.

I timane og dagane før hadde det Panama-registrerte skipet 17 motorstopp på vegen frå Narvik mot Sunnmøre, utan at den koreanske kapteinen ville ta imot hjelp.

Regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket hevdar det aldri kunne skjedd i dag.

Harald Tronstad

Regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket seier oljeutslepp av 5 000 tonn ville vore ein katastrofe også i dag.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Med ein gong dei seglar utanfor dei pålagde seglingsledene blir det stilt spørsmål til båten om kva dei held på med, seier Tronstad.

Meiner det kunne vore langt verre

Tusenvis av sjøfugl døydde av oljesølet. Kommunalt tilsette og frivillige kjempa mot forureininga i lang tid, og hadde lite erfaring og utstyr å hjelpe seg med.

Nils Roar Hareide

Dagleg leiar Nils Roar Hareide ved Runde miljøsenter karakteriserer storleiken på utsleppet frå Arisan som 'utruleg flaks', og seier eit lasteskip gjerne ville hatt mange gongar meir olje om bord.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Dagleg leiar Nils Roar Hareide ved Runde miljøsenter meiner likevel det kunne gått langt verre.

– Det var utruleg flaks, det var berre eit lite utslepp på 5000 tonn. Hadde det vore ein tankbåt, hadde det vore 100 000 eller 200 000 tonn, og då hadde ein fått eit oljeflak herifrå til Trondheim, slår han fast.

Kunne blitt tatt over med makt

Arisan forlis

Frivillige, folk frå kommunen og heimevernet arbeidde i lang tid for å rydde opp etter oljeutsleppet på sunnmørskysten.

Foto: NRK

Tronstad i Kystverket seier styresmaktene i dag ville nekta å godta båten å gå så langt inn mot land, og at han ville blitt tatt over med makt, om nødvendig, dersom kapteinen var motstridig.

– I motsetning til tidlegare har vi no heimel til å pålegge kapteinen å ta imot hjelp.

– Kvifor ville han ikkje det, den gongen?

– Det blir å spekulere, men eg reknar med det var eit kostnadsspørsmål, seier Tronstad.

Les også:

Ville framleis vore ein katastrofe

Tore Langvatn

Varabrannsjef Tore Langvatn seier dei lærte mykje av ulykka.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Varabrannsjef Tore Langvatn i Herøy kommune meiner dei lærte mykje av forliset, og at det fekk opp auga deira for kva som måtte til.

– Vi såg behov for utstyr og trening, vi begynte på null. Vi kan aldri seie at vi er gode nok, men vi er mykje, mykje betre, seier han.

Sjølv om arbeidsmetodane og utviklinga av utstyret er betre enn for 25 år sidan, seier Tronstad at eit utslepp av det omfanget som Arisan stod for, ville vore ein katastrofe også i dag.

– Det å plukke olje er eit grisearbeid, enten det er no eller for 25 år sidan. Det er som å slost med feiaren, du klarer det ikkje utan å bli svart, seier han.

Video ARISAN