Hopp til innhold

Mållaust på Aker Stadion

Det enda 0-0 mellom Molde og Stabæk etter ein underhaldande kamp på Aker Stadion.

Molde-Stabæk

Det enda uavgjort i duellen mellom Molde og Stabæk. Marcus Andreasson (t.v) og Veigar Pall Gunnarsson.

Foto: Ekornesvaag, Svein / SCANPIX

Begge lag hadde mange sjansar i kampen, men ingen greidde å gjere dei om til mål.

Diouf-ane sterke

På Molde fekk både Pape Pate Diouf og Mame Briam Diouf skryt etter kampen, sjølv om båe mangla litt presisjon i avslutningane.

Det var Molde som hadde mest å bevise i kampen. Dei fem siste premierene på heimebane har enda med siger. Stabæk på si side har ikkje vunne ei seriepremiere sidan 1999.

Molde mest positive

Kampen starta friskt, men utover fyrste omgang dala tempoet. I ein sjansefattig omgang var det Stabæk som var nærast å gå opp i leiinga.

Etter pause kom Molde sterkare, og fekk med seg nokre målsjansar. Likevel vart det mållaust på Aker Stadion i fyrste serierunde.