Hopp til innhold

Aalesund nærmast på Ullevaal, men det enda i uavgjort nummer sju

Aalesund stod for dei største sjansane på Ullevaal, men det enda 0–0 mot Vålerenga. Dermed står AaFK med sju uavgjort på 13 kampar. – Vålerenga er heldige som fekk poeng i dag, sa Kjetil Rekdal.

VIF

Verken Aalesund og Kjell Rune Sellin, eller Vålerenga og Fegor Ogude, kom på scoringslista på Ullevål måndag.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

Det blei ingen stor kamp på Ullevaal, mellom Vålerenga og AaFK. Sjansane var få, i ein kamp der begge laga forsvarte seg godt. Aalesund-trenar Kjetil Rekdal meinte derimot hans lag fortente poenga.

– Vi er veldig skuffa over at vi ikkje vinn. Vi er det beste laget, har dei fleste sjansane og har mest spel. Men vi må score mål, og det gjer vi ikkje i dag.

Før kampen var det nok Vålerenga som var mest i beit etter siger. Ingen av laga ligg langt unna nedrykksstriden, men bråket rundt Vålerenga-trenar Martin Andresen og VIF generelt har gjort Oslo-laget sigersdesperate.

Det blei derimot ikkje VIF-dominans. Kampen mellom dei oransje/blå og dei blå/raude blei jamn. Ingen av laga gav vekk mykje rom defensivt, og ingen av laga spelte seg til flust av sjansar. AaFK kom derimot til flest.

– Vålerenga er heldige som fekk poeng i dag. Det er alt eg seier, sa Rekdal etter kampen.

Myklebust og Hæstad nære

I det 36. minutt var Aalesund farleg frampå på Ullevaal.

Jason Morrison kom seg fri på høgrekanten, før han svinga inn. Der var Christian Myklebust på rett plass, men eit godt skot blei parert av ei enda betre redning – signert Lars Hirschfeld.

Ikkje lenge etter var heimelaget Vålerenga på ferde.

I det 42. minutt slo Mohammed Fellah inn frå venstre. Ballen hamna til slutt i føtene på Kristofer Hæstad på 10 meter. Skotet hans gjekk via AaFK-føter, men Sten Grytebust var på plass.

Daniel Arnefjord

Daniel Arnefjord var stod for kampens kanskje største sjanse. I det 53 minutt heada AaFK-kapteine like utanfor. Trass mållaust på Ullevål mot Vålerenga, så er Arnefjord framleis AaFK-toppscorar med fire mål.

Foto: Gunnar Gridstein / NRK

Aalesund kunne avgjort

I andre omgang var det AaFK som sneik seg nærmast inn på tre poeng og siger. Vålerenga starta derimot andre omgangen med høgt press, utan at dei kom seg til målsjansar.

Det gjorde derimot Aalesund. I det 53. minutt slo Jo Nymo Matland perfekt inn i feltet. Der venta kaptein Daniel Arnefjord, men headinga hans gjekk like utanfor.

Det blei ikkje scoring på Arnefjord mot Vålerenga, men midtstopparen er framleis toppscorar i AaFK med fire mål. Rekdal skulle helst sett ein spiss som toppscorar.

– Men det er lite vi kan gjere med. Vi må spele med dei spelarane vi har. Likevel gjer vi ein god bortekamp. Og no er Sellin tilbake etter beinbrot og Myklebust tilbake etter langtidsskade.

Utover i omgangen var begge lag tame på motstandar sin banehalvdel. På overtid av overtida kom innbytar Sander Post til ein sjanse på heading, men det enda 0–0 på Ullevål.

– Vi framstår betre i dag enn på lenge, i alle fall på bortebane, avslutta Rekdal.

Rekdal

Kjetil Rekdal meinte laget hans fortente sigeren på Ullevål.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix