NRK Meny

Mållaget fortvilar

Ein rapport utarbeidd for Noregs Mållag viser at berre 15 av 104 digitale læremiddel er tilgjengeleg på nynorsk. Rapporten såg på alt frå kalkulatorappar til nettstadane til lærebøker som elevane nyttar kvar dag på skulen. – Det mest alvorlege er at små ungar som skal lære nynorsk, ser bokmål på iPaden. Då går det ut over den første språklæringa og det er veldig feil, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag
Foto: Noregs Mållag