Hopp til innhold

Malin (22) er ekspert på å vaske bil

Som ei av dei første i landet har Malin Wiig tatt fagbrev i bilpleie. – Det verste du kan gjere er køyre bilen i maskinvask, seier Wiig.

Malin Wiig har tatt fagbrev i bilpleie

Malin Wiig har tatt fagbrev i bilpleie. Ho er også utdanna lakkerer.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Med hanskekledde fingrar tørkar Malin Wiig (22) bilpanseret med ein klut. Den svarte lakken er spegelblank.

– Eg blir alltid litt glad av ein nyvaska bil, ler ålesundsjenta.

Og ho kan verkeleg sakene sine. Som ein av dei første i landet har ho tatt fagbrev i bilpleie og ho fekk toppkarakter. Bilpleie er eit heilt nytt yrkesfag og i løpet av 2022 kjem rundt 100 personar til å ta fagprøve.

Malin Wiig polerer bil

Malin polerer bilen ved hjelp av ei poleringsmaskin.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sleit med å få jobb

Wiig utdanna seg først til billakkerar, men det var vanskeleg å finne seg jobb. Då tilbodet om å ta nok eit fagbrev dukka opp, tok ho utfordringa.

– Eg har jo hatt lyst å halde på med detailing, polering og bilpleie heile livet. seier 22-åringen. Detailing er bilpleie på høgt nivå.

Wiig har vore bilinteressert sidan tenåra og i vennegjengen er det heilt vanleg å møtast for å reingjere bilane. Då er det gnikking, skrubbing og rubbing og gjerne bilettaking etterpå.

Les også Bilklubb for jenter parkerer gutta

Mari Iselin Bergh Bråtesveen(19)(midten) startet bilgruppe for jenter.

Hevar statusen

Bjørn Nybø ved Opplæringskontoret på Sunnmøre

Bjørn Nybø ved Opplæringskontoret på Sunnmøre seier at bilpleie har blitt ein viktig del i bilbransjen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Leiar i fagprøvenemnda Jan Paulsen har følgt Malin Wiig i tre dagar og vurdert arbeidet hennar. Han trur at statusen til bilpleiefaget aukar når det no har blitt ei eiga utdanning.

– Det har vore ei utruleg utvikling med nye teknikkar og produkt, seier Paulsen. Å reingjere ein bil handlar slett ikkje berre om såpe og vatn, men også om kjemikaliar som set strenge krav til HMS.

– Bilpleie har blitt ein viktig del av aktiviteten i bilbransjen. Bilsalet har vore stort og alle bilane skal klargjerast av ein bilpleiar, seier Bjørn Nybø. Han er leiar ved opplæringskontoret for bilfag på Sunnmøre. Han meiner også at det er viktig at det er kompetente folk som utfører dette. Bilpleie handlar mykje om kjemi og ulike teknikkar med ulike verktøy.

– Det er eit stort fag og detailing har blitt hobby for mange ungdomar, seier Nybø.

Malin Wiig saman med Jan Paulsen, som er leiar for prøvenemda.

Jan Paulsen er leiar i fagprøvenemnda. Han er imponert over arbeidet til Malin Wiig.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ikkje bruk maskinvask

For Malin Wiig er det utenkeleg å sende bilane sine gjennom ei vaskemaskin. Det er det verste du kan gjere, meiner ho.

– Ta deg heller ein liten halvtime ekstra og gå over bilen for hand. Då sparer du deg mykje pengar og arbeid i framtida, seier 22-åringen. Det einaste du treng heime er ein felgrens, ei bøtte med såpevatn, svamp og ein hageslange til å spyle med, meiner Wiig.

Sjølv har ho to BMW-ar. Den eine er berre til sommarbruk og den har ho bygt opp og lakka sjølv.

22-åringen er stolt over det nye fagbrevet og gler seg til å ta imot skitne bilar som ho kan pleie.

– Eg kosar meg. Eg tenker alltid at bilane eg får inn er mine eigne, for å gjere dei finast mogleg, seier Wiig.

Malin Wiig

Malin Wiig likar å reise på bilutstilling med bilen sin. Her frå eit arrangement i Sokndal, der Wiig vann prisen for beste 2000-modell.

Foto: John M. Hammervoll

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL