Hopp til innhold

Magnusson ut, Magnusson inn

Suksesstrenar Gunnar Magnusson flyttar heim til Island, og sluttar med det som KHK-trenar. No er ein annan islandsk Magnusson klar for å ta over.

Kristiansund håndballklubb

Frå venstre: Gunnar Magnusson, tidlegare trenar for Kristiansund håndballklubb, Kjell Grødal, sportsleg leiar, og Jonatan Magnusson, den nye trenaren for KHK.

Foto: Roar Halten / NRK

– Ja, eg skal spele. Eg skal vere spelande trenar, så det blir nytt for meg med ansvar for laget. Men det er spennande, fortel Jonatan Magnusson.

Han har vore spelar i Kristiansund Håndballklubb (KHK) dei siste tre åra. No tek han over for Gunnar Magnusson som trenar.

Gunnar Magnusson

Det har blitt mange oppturar for KHK med Gunnar Magnusson bak roret.

Foto: Roar Halten / NRK

Rett tidspunkt

Gunnar Magnusson kom til klubben i 2010 og tok KHK frå 2. til 1. divisjon på første forsøk. Etter tre år i Kristiansund er derimot tida den rette for å vende nasen heimover.

– Det er mykje som skjer i familien vår no. Vi fekk ein liten gut sist veke, og dottera mi skal starte på skule. Så eg trur det er rett tidspunkt no, seier den tidlegare KHK-trenaren.

I tillegg for Magnusson å sjå ein yngre Magnusson stå klar til å ta over.

– Sjølvsagt er det ei tung avgjersle for meg, men det blir inga krise i klubben av at eg sluttar. Jonatan er klar, slår gamletrenaren fast.

Han er klar på at åra i byen og klubben har vore utruleg flotte.

– Utvikling som ikkje er sann

Sportsleg leiar i KHK, Kjell Grødal, synest det er trasig at Gunnar Magnusson reiser heim.

– Vi har sett ei framtid med han, og vi har hatt ei sportsleg utvikling i klubben som ikkje er sann med Gunnar.

– Når det er sagt, så har vi Jonatan som skal over. Og vi er rimeleg sikre på at han vil føre oss vidare, seier Grødal til NRK.

Saka held fram under videoen.

Handballklubben i Kristiansund skal få ny trenar. Islandske Gunnar Magnusson har vore trenar for laget i tre år, men skal flytte tilbake til Island. Magnusson har løfta KHK sportsleg, og dei har vore nær opprykk til eliteserien fleire gonger.

Uredd, gald og spent

Nyetrenar Jonatan Magnusson er både glad og spent for moglegheita han no har fått.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å følgje Gunnar, men eg skal gjere mitt beste. Eg kjem inn med mykje av det same som Gunnar, pluss noko nytt som ung og frisk trenar.

– KHK er i nest øvste divisjon, og kjempar om opprykk til eliteserien. Er det litt skummelt opne trenarkarrieren med det som realitet?

– Nei, skummelt synest eg ikkje det er. Når ein driv med sport og handball så vil ein vere i lag som kjempar om noko. Vi har eit spennande lag og eit flott publikum, så det blir ei god og spennande utfordring, slår Jonatan Magnusson fast.

Han fortel vidare at han alltid har hatt trenarambisjonar.

– Det var planen når karrieren som spelar var over, men så får eg det no. Dette kan bli ein flott start for trenarkarrieren min, avsluttar den nye KHK-trenaren.

Handballsesongen startar i slutten av september.