– Klar, ferdig, gå. Med startnummer på ryggen blir skiløparane sendt ut i løypene.
Magnus Eide har akkurat fått opplæring i korleis han skal halde styr på tida. Han flytta til Isfjorden i Rauma i september i fjor. No er han ein del av dugnadsgjengen som arrangerer skirenn for 50 barn og vaksne. I tillegg er han skiinstruktør for 10-åringar.
– Det er ikkje den største plassen, så ein må gjere ein innsats for å bli kjent med folk. Det er ingen som kjem og bankar på døra di, seier Eide frå Kvinnherad.
Stemninga er god hos dugnadsgjengen som arrangerer skirenn.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKBydde seg fram på Facebook
Magnus skreiv på Facebook at dersom lag eller organisasjonar trong hjelp, var det berre å kontakte han.
Foto: skjermdump frå FacebookEtter to år i Bergen bestemte han seg for at det var på tide å oppleve noko nytt. Han er glad i fjell og natur og valet fall difor på Rauma, som er kjend for friluftsmoglegheitene. Sidan han jobbar i Nordsjøen kan han bu kor som helst i landet.
– Ein er ung berre ein gong, så kvifor ikkje prøve. Men for å få det kjekt på ein så liten plass og bli kjent med folk, så må ein ut av komfortsona og by litt på seg sjølv, seier 22-åringen.
Berre ei veke etter at han kom til bygda, posta han eit facebook-innlegg på den lokale bygdesida, der han spurte om lag eller organisasjonar trong hjelp.
Responsen var overveldande og han blei rent ned med tilbod frå mellom anna handball, ski, speidar, turgruppe og fjellfestivalen.
Kunne du ha tenkt deg å delta i frivilleg arbeid for å bli kjent med nye folk?

Magnus heiar inn alle deltakarane i mål og registrerer tida deira

Kake høyrer med når du jobbar frivilleg

Magnus Eide får innføring i tidtakinga på skirenn i Isfjorden i Rauma

Tunge løft høyrer med til dugnad

Magnus synest at det er sosialt å jobbe dugnad
Vanskeleg på ny plass
Matti Bernitz er leiar i skigruppa på Åndalsnes og er glad for at Magnus vil bidra.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKLeiar i skigruppa, Matti Bernitz, seier at det er fantastisk at Magnus kom og meldte seg til dugnadsteneste.
–Det blir ofte slik at vi spør dei same heile tida, så når det kjem nye krefter er det berre gull verdt, seier Bernitz.
Også ordførar Yvonne Wold (SV) er imponert.
– Det er første gong eg har sett at nokon har gjort det på denne måten, men eg opplever at mange av dei som flyttar hit både vil starte nye tilbod og bli med i lag og organisasjonar, seier Wold.
Forskar Thomas Hansen ved Oslo Met og Folkehelseinstituttet seier at det kan vere vanskeleg å bli kjent med folk på ein ny plass dersom ein ikkje har hund, barn eller driv med ein idrett.
– Frivillig arbeid kan vere ein openberr arena for å bygge nettverk og bli betre integrert, seier Hansen. Han seier at det dermed blir ein vinn-vinn-situasjon. Frivillige organisasjonar treng hjelp, medan den frivillige drar nytte av det sjølv sosialt.
Kjenner både barn og vaksne
Magnus har fått teken på tidtakinga og heiar inn alle som kjem i mål. Innimellom et han kake frå kiosken og pratar med dei andre frå skiklubben. Ein betennelse i hofta gjer at han uansett ikkje hadde kunne gått på ski sjølv i dag og då kan han like godt gjere ein innsats for lokalsamfunnet. På kort tid har han blitt kjent med barn, foreldre og folk på sin eigen alder.
– Det er jo kjekt å engasjere seg og så er det ein fin måte å bli kjent med folk på. Og ikkje berre sitt heime åleine og gape i huset, seier 22-åringen.
Magnus er skitrenar for Ronja Bernitz og Ingeborg Westby Digernes.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK