Hopp til innhold

Magnus (25) fiskar snacks til japanske barar

Den vesle fisken lodde gir rekordfiske ved Island. Norske fiskarar tener godt av at japanske øldrikkarar vil ha fiskesnacks på bordet.

MAGNUS SALVATIERRA KVALSVIK

FERSK LODDEFISKAR: Magnus Salvatierra Kvalsvik fekk sin fyrste tur på loddefeltet i år.

Foto: STRAND SENIOR

Trass i iskalde dagar ute på feltet, så varmar fangstresultatet godt for mannskapet på «Strand Senior» frå Ålesund.

Skipper, Torbjørn Finnøy, har drive med fiskeri i over 30 år og er svært nøgd.

– Loddefisket i år vart eit eventyr. Eg har aldri sett prisar stige slik før.

25-åringen Magnus Salvatierra Kvalsvik har vore fiskar på båten i litt over eit år. Med dei skyhøge prisane fekk den unge fiskaren meirsmak på lodde.

Ja, kor mykje tenar ein på ein slik tur?

– Vi er no eigentleg ikkje så glade i å snakke om slikt, men over 100.000 kr på kvar vart det vel i alle fall. Ein må kunne sei det er bra løn for ei vekes arbeid, seier Kvalsvik.

Strand Senior lossar lodde ved Island.

RINGNOTBÅT: «Strand Seinor» lossar lodde ved Island.

Foto: STRAND SENIOR

Lodde og øl

Det er fiskekjøparar i Asia som i hovudsak har pressa prisen til rekordhøgder i år. Dei er ute etter holodde med rogn. Det er ei ettertrakta råvare til den japanske retten Shioyaki.

Lodde lettgrilla Shioyaki, på japansk restaurant i Qingdao, Kina.

SHIOYAKI AV LODDE: Populær rett på bar i Japan.

Foto: Alexander Langø

Fisken blir lettsalta og tørka, og til slutt grilla før servering

– Ein får det servert på japanske ølbarar. Den salte smaken av sprø lodde med rogn passar veldig godt til øl, og er ein populær snack på «Izakayabar», seier Alexander Langøe.

Han arbeider med sal av lodde til utlandet hjå Global Sales i Ålesund.

Ikkje kvart år

Norske båtar har ikkje fått fiske lodde sidan 2018. Grunnen til at ein ikkje får fiske lodde kvart år er at bestanden svingar mykje.

Det er gjennom byteavtalar med Island at den norske havgåande fiskeflåten får fiske lodde i år.

Kenneth Garvik er salsleiar i Norges Sildesalgslag, som tek seg av salet av fisken mellom båt og mottak. Han konstaterer at loddefisket i år er historisk.

– Det er omtrent som å vinne i lotto. Ingen som skulle fiske eller foredle lodde kunne drøyme om slike prisar. Ein kan nesten samanlikne prisen på lodde med lofottorsk.

Garvik trur at åra utan loddefiske har laga eit «sug» i marknaden.

– Når alle lager ute i verda er tomme, skyt prisane i vêret. I 2018 hadde vi ein snittpris på 2,40 kr kiloen. No ligg det an til ein snittpris på over 14 kr kilo, og dei best betalte fangstane har kosta heilt opp i 19 kr kiloen, seier Garvik.

Håpar å få fiske meir lodde

Om bord i «Strand Seinor» er Magnus Salvatierra Kvalsvik og resten av mannskapet klare for nye lodde-eventyr, om dei får lov. Skipper Torbjørn Finnøy vil fiske i norsk sone.

Eg håpar det vert opna opp for å fiske på lodda i Barentshavet snart. Der har vi ein stor unytta ressurs, seier Finnøy.

Mannskap på fiskebåten Strand Senior.

UNGE FISKARAR: Loddefisket gav meirsmak. No er dei på veg mot kolmulefeltet

Foto: STRAND SENIOR

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL