Magnus (15) sel sesongkortet etter nytt AaFK-tap

Magnus Ørstenvik (15) frå Ålesund er så lut lei av AaFK sine tap at han no sel sesongkortet sitt. Samtidig ber han om at styret får sparken.

Magnus Ørstenvik

Magnus Ørstenvik har ikkje hatt sesongkortet sitt i mange vekene, men no skiftar det straks eigar.

Foto: privat

Han hadde neppe tenkt det skulle gå slik då han kjøpte sesongkort på Color Line Stadion i Ålesund tidlegare denne våren. Men det har ikkje vore nokon god start for AaFK, og torsdag kveld gjekk laget på endå eit tap. No vil ikkje 15-åringen ha sesongkortet sitt lenger og klagar på manglande valuta for pengane.

Annonse på Facebook

15-åringen vil no kvitte seg med sesongkortet etter at AaFK har hatt ein dårleg start på sesongen. Mykje av skulda for styret i klubben.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Eg la ut sesongkortet mitt som ein protest mot måten styret i Aalesunds Fotballklubb dei siste åra. Eg meiner at måten dei har henta inn trenarar på er heilt feil, seier han.

– Kva er det beste som kan skje no?

– At heile styret blir bytta ut!

Bodrunde til neste tap

Det har ikkje mangla på reaksjonar på Facebook-annonsen, som blei lagt ut torsdag kveld. Boda på sesongkortet er fredag ettermiddag oppe i 550 kroner. Over 200 har likt annonsen, og mange har lagt igjen humoristiske kommentarar. Han som spør kor lenge bodrunden går til, får følgjande svar frå 15-åringen:

– Neste tap.

Ein annan følgjer opp:

– Mandag da med andre ord.

Les også:

Klare spark til AaFK-styret

Annonse på Facebook

15-åringen har klare meiningar om kva som har ført AaFK opp i uføret.

Foto: Facebook

AaFK-trenar Trond Fredriksen gjekk tidlegare denne veka ut og vedgjekk av laget er eit botnlag. Då hadde han nettopp opplevd at AaFK blei kasta ut av cupen etter eit audmjukande tap.

15-åringen meiner styret ved å tilsetje interne folk, som Harald Aabrekk og Trond Fredriksen, tappar klubben for ressursar, og han kvir seg ikkje for å seie det høgt:

«Aafk-styret i et nøtteskall. Står i Tippeligaen uten trener. Ansette en mann fra egne rekker for å spare penga (ofte en fra barne- og ungdomsfotballen i klubben. Fungerte ikke sportslig. Sparka treneren. Mista viktige ressursa innad i klubben. Utviklinga i klubben blir dårligere og økonomien blir ytterligere svekka!»

Avviser kritikken

Reidar Mjelde

Styreleiar Reidar Mjelde i Aalesunds Fotballklubb seier

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Styreleiar Reidar Mjelde seier det ikkje er aktuelt for styret å trekkje seg etter dei dårlege resultata. Han avviser samtidig at det handla om økonomi då dei henta inn Aabrekk og Fredriksen, men seier dette var del av ein langsiktig strategi for å sikre kontinuitet.

Likevel likar han dårleg at 15-åringen sel sesongkortet sitt i protest.

– Nei, det er jo ikkje noko kjekt. Eg opplever det kanskje som ein augneblinks frustrasjon over at vi har hatt dårlege prestasjonar dei siste to-tre kampane, og det forstår eg. Og så får vi berre håpe at nokon vel å kjøpe sesongkortet, så det ikkje blir ein i manko, seier han.