Hopp til innhold

Magnhild Vik: – Det er skuffande og demotiverande

I dag vart det klart at Lars Olav Hustad (H) held fram som ordførar i Rauma. Magnhild Vik (Sp) vart slått med ei stemme og seier dette er demotiverande for vidare arbeid.

Magnhild Vik

Magnhild Vik utanfor rådhuset i Rauma etter at kommunestyremøtet var over.

Foto: Frode Berg / NRK

Medan Lars Olav Hustad drog heim for å feire den fornya tilliten som ordførar med landskamp på tv, var ikkje Magnhild Vik like nøgd.

Mange trudde at ho vart den nye ordføraren i Rauma, då Senterpartiet gjorde eit brakval. Med støtte frå Arbeidarpartiet og SV ville dei få fleirtal. Men få timar etter valet melde Marit Nauste (Ap) seg ut av partiet og sa at ho ville støtte Lars Olav Hustad som ordførar. I dag skulle kommunestyret konstituerast og det enda med 14–13 siger til Hustad.

LES OGSÅ:

Skuffande

– Vi vann valet. Fleirtalet stemte på oss og den konstellasjonen vi hadde lagt opp til. Dette er skuffande, demotiverande og ikkje noko inspirerande for vidare politisk arbeid, seier Vik, som er gruppeleiar i Sp.

Ho trur at samarbeidet i det nye kommunestyret kan bli tøft. Det såg ho allereie i dag.

– Eg trur det blir ei vidareføring av førre periode der det er knallhard partipisk som blir utøvd. Det blir spanande å sjå korleis dei nye i posisjon taklar dette. Om dei vågar å stå for sine eigne meiningar dersom det er ulikt frå gruppeleiar eller ordførar, seier Vik.

Sjå framover

Lars Olav Hustad var godt nøgd med å få halde fram som ordførar.

– No skal vi sjå framover og så håper eg at alle er med på det. Og så skal vi jobbe konkret med saker som kjem opp, seier Lars Olav Hustad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL