Hopp til innhold

Hoseth har håp om å bli Kristiansund-spelar

– Det er alfa omega for meg å komme inn på laget, seier Magne Hoseth. I dag spelte han treningskamp for KBK mot gamleklubben Molde.

Magne Hoseth

Magne Hoseth drøymer om å avlsutte fotballkarrieren sin på Nordmøre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Magne Hoseth har ikkje spelt kamp på fleire månader. Han forlét nyleg 2.-divisjonsklubben Notodden og mange har hatt eit ynskje om å få 36-åringen til Kristiansund. I dag kom han inn på banen etter pausen i treningskampen mot Molde. Bortsett frå pusten, meiner han at forma er ganske bra.

– Det var kjempeartig. Eg synest sjølv at eg klarte meg bra, seier Hoseth. Han var overraska over at han fekk sjansen til å vise seg fram på treningskamp. Avtalen med trenar Christian Michelsen var at han skulle få trene med laget.

Alfa omega å få plass

Dersom Hoseth skal returnere til Eliteserien kan den einaste sjansen vere å få plass på KBK.

– Akkurat no trur eg det er alfa omega. Anten blir det dette her eller så blir det ingenting. Det er her på Nordmøre eg har lyst å avslutte, seier Hoseth. Nordmøringen har spelt for Molde, FC København, Vålerenga, Stabæk, Viking, Aalesund og 2.-divisjonsklubben Notodden.

Magne Hoseth

Magne Hoseth kom inn på banen etter pausen i treningskampen mot Molde. Kampen endte 3-2 til Molde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kroppen må halde

Trenar Christian Michelsen skryt av innsatsen til Hoseth i dag, men seier det er mange faktorar som skal på plass før dei bestemmer seg for å gi han plass på laget.

– Det viktigaste no er å sjå at kroppen til Magne held. Det er ein kropp som har vore med på mykje i mange år og vi må vurdere han opp i mot det vi har, seier Michelsen. Han trur 36-åringen med all si erfaring har mykje å bidra med på laget.

Skulle KBK og Hoseth gå inn ei kontrakt, seier Michelsen at det må syast saman ei rolle til veteranen som begge partar er nøgde med. Kor tid det blir tatt ei avgjerd, er uvisst.

– Vi tar det litt dag for dag no og så er både vi og Magne rolege på kva som kan skje og ikkje skje, seier Michelsen.

LES OGSÅ: