Hopp til innhold

Magisk natt for romantiske spådomar

Natta vi går i møte kan bli magisk på mange måtar. Single kan finne ut kven dei får til kjærast i det nye året.

13439253

Om du lurer på om det nye året vil gi deg ein å bli glad i, finn du tipsa i gamal, norsk folketru.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Ungkarar og peparmøyer har enno nokre timar på seg om dei ønskjer å finne ut om nyåret gir lukke på kjærleiksfronten. Framgangsmåten er ganske enkelt, men krev tilrettelegging og initiativ.

Sjøvatn gir svaret

For å finne ut om ein vil "treffe den rette" kan komande natt gi svaret, om ein er litt overtruisk.

– Slå ei bøtte sjøvatn i eit vaskevassfat. Set deg godt til rette og stire ned i vatnet. Etter kvart vil eit andlet viser seg i vassflata. Dette er den som blir kjærasten din i det nye året, heiter det i norsk folketru.

Dukkar ingen opp i vassflata, er det eit uheldig teikn. Då bli det ingen kjærast på deg i 2017, og kanskje blir du aldri gift. Slik var tankegangen på oldemor- og tippoldemor si tid.

Ørnulf Hodne

Ørnulf Hodne er folklorist og ein av dei som kan gi dei beste råda om korleis ein skaffar seg ein partnar i voergangen mellom det gamle og det nye året.

Foto: Pressebilde/UiO

– Norsk folketru inneheld mange kjærastevarsel, og å mane fram sin tilkomne på ulike vis, var ein utbreidd skikk over heile landet. seier Ørnulf Hodne, nestoren i norsk folkloristikk.

Gjennom eit langt yrkesliv har han studert norsk folketru, og popularisert henne. Folketrua eller overtrua, hadde lokale variasjonar, men mangt var fells for heile landet.

Speglar og jenter i gåve

Ein speleg kunne også brukast for å spå kven dei fekk til ektemake. Spesielle friarbøner og tende lys høyrde med til ritualet.

– Når ein stira inn i spegelen midt på natta, ville den tilkomne bli mana fram i spegelen, seier Hodne.

Ung jente ser i håndspeil med to tende lys

Kjærasten i det nye året kan også vise seg i ein spegel.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ein annan romatisk skikk knytt til overgangen mellom gamalt og nytt år, hentar han fram friarleiken "å gå basse".

Nyttårsaftan drog først unge, ugifte gutar frå eine garden til den andre, slo på grytelokk og skrålte for å få ungdom og resten av bygda med på basse-moroa. Med rop og spetakkel markerte dei inngangen til det nye året.

– Ein av gutane hadde til oppgåve å "gi" ei av dei ugifte ungjentene i gåve til ein av ungkarane i laget, ler Hodne.

Rokkemann og stallførkje

Ein annan måte for spanande "kontaktformidling", skjedde når kvardagen så vidt starta igjen etter julefeiringa. No tok dei varsel på komande ektemake gjennom kven som først kom inn i huset på nyåret.

– Kom ein ung mann inn i eit rom i huset der ei jente arbeidde ved rokken eller veven, fekk han namnet "rokkemann" eller "vevarkall". Tittelen kvalifiserte til ei gåve frå jenta, kanskje ein tråd frå rokken eller ein vott. Han bleir truleg den utkåra.

På same vis fekk den første ugift jenta på nyåret som kom inn i eit rom der ein mann arbeidde, sin tittel. Som utpeikt kone-emne fekk ho namnet "stallførkje" om møtet skjedde i stallen, "låvekjerring" eller "låvefru" om møtet skjedde på låven.

Den gamle, norske overtrua døydde ut på 1800-talet. Men kven veit om ikkje kjærastevarsla kan vekkjast til live att i 2017?