Med kjappe bevegelsar knyter 6.-klassingen Madeleine Bjørge på seg forkledet. Så sett ho i gang med baking av muffins.
– Det er viktig å ha ei god oppskrift, seier 12-åringen.
Sidan i mai i fjor har ho vore hekta på baking og dekorering.
– Eg feila mange gongar i starten. Det var for mykje røring og eg hadde på smørkrem før kaka var avkjølt, slik at det smelta. Alt gjekk i bosset, seier Madeleine.
Ho har brukt mykje tid på YouTube og TV-program for å lære seg teknikkane.
Ofte søker ho opp oppskrifter i skuletida og planlegg kva ho skal bake når ho kjem heim.
Fekk diabetes
Mamma Lise Hoff er imponert over innsatsen dottera har lagt inn for å bli flink til kakebaking. Ho innrømmer at ho i starten var redd for rot, men innsåg at ho måtte sleppe kontrollen.
Hobbyen fekk også ei heilt anna betydning då Madeleine blei sjuk. I januar fekk ho diagnosen diabetes og har vore inn og ut av sjukehus.
– Når ho bakar gløymer ho alt anna som er kjipt i kvardagen. Det er lystprega, seier Hoff. I januar var Madeleine innlagt på sjukehus i to veker. På sin første permisjon frå sjukehuset i nokre timar, drog ho rett heim for å bake ei kake på to etasje til helsearbeidarane.
Er kresen
På ein kort augeblunk har Madeleine fått muffinsdeigen over i former og sett dei i omnen. I dag har ho store planar. Ikkje berre står det muffins på menyen, men ho har også laga to kakebotnar som ho skal pynte. Kaka skal mamma få ha med seg til klubbvenninner.
– Eg er ofte nervøs for om folk vil like kakene. Og så blir eg kjempeglad når dei gjer det, seier Madeleine. Ho innrømmer at ho er litt kresen sjølv, så ho et lite av sine eigne bakverk.
I store plastkasser har ho bakeutstyr, konditorfargar og strøssel.
Medan andre 12-åringar kanskje likar å gå i klesbutikkar, kan Madeleine bruke timevis på Jernia og andre butikkar som sel kakeutstyr. Ho har også eit øvingssett til kakepynting, slik at ho slepp å lage kakebotn kvar gong.
Ta med barna i matlaging
– Det er heilt tydeleg at Madeleine har øvd mykje, seier Ole John Berntsen, som er president i Baker og konditorbransjens landsforeining. Han har sett bilete av Madeleine sine kaker. Hans råd for å få barn interessert i matlaging er å la dei hjelpe til på kjøkkenet.
– Gi barna litt tillit og lag mat i lag. Det er kjekkare for alle, seier Berntsen.
Rydding er nøkkelen
Muffinsane får bein å gå på. Veslesøster Mathilda (10) og venninna Guste et gjerne. I dag får dei smake gratis, men det hender at Mathilda må betale når ho bestiller bakst frå storesøster.
– Det er jo eg som gjer jobben, ler Madeleine.
Det er ikkje berre å bake og dekorere Madeleine har lært seg. For å få halde på må ho også rydde opp etter seg. Det trur ho er nøkkelen for at andre barn også skal få utfalde seg på kjøkkenet.
No har ho ein draum for framtida.
– Eg vil bli konditor. Eg har lyst til å bake kaker og muffins og selje når eg blir stor, seier 12-åringen.