Hopp til innhold

Må velje mellom landet og byen

Når folket i Ørskog går til urnene torsdag, blir det eit val mellom by og land.

Ørskog

Dei 2500 innbyggarane i Ørskog skal torsdag seie kva dei meiner i ei folkeavstemming.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Torsdag skal ørskogbygdarane og folk i ei lang rekke andre sunnmøringskommunar seie kva retning dei vil gå når det nye kommunekartet skal teiknast.

Tungtrafikken dundrar gjennom Sjøholt. Gjennomgangstrafikken er stor. Likevel er det 2500 innbyggarar som ser på Ørskog som den beste kommunen i landet.

Tre alternativ

Men torsdag må folket ta eit val: Skal dei slå seg saman med nabokommunane Skodje, Stordal og Norddal? Eller skal dei bli ein del av regionkommunen Ålesund? Det tredje alternativet er å stemme blankt.

– Like barn leikar best, seier Oddbjørn Saure. Ørskogbygdaren seier at han føler mest slektskap til nabokommunane.

Ørskog

Oddbjørn Saure har lita tru på å slå seg saman med Ålesund og andre til ein storkommune.

– Vi blir for mykje utkant i ein regionkommune med Ålesund, seier han til NRK. Han viser til at landkommunane har samarbeidd før, og at det har fungert godt.

– Folk er spente

Iren Fylling set på plass nye varer i fruktavdelinga i butikken. Ho trur folk er spente på kva som skjer.

– Eg kjem til å stemme for landkommune. Vi er redde for å bli sitjande som ein utkant i ein kommune med dårleg økonomi. Det er ein fare for at «våre ting» blir nedprioriterte, seier ho.

Ørskog

Iren Fylling seier at det er mange som snakkar om kommuneframtida på butikken.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Butikkmedarbeidaren har merka at dette har vore eit heitt tema i butikklokala.

På haldeplassen utanfor står nykonfirmerte ungdommar og ventar på bussen til byen:

– Eg går for landkommune. Ålesund tar for mykje av makta i ein regionkommune, seier Solveig Sætrebakken.

– Det er betre å samarbeide med mindre landkommunar, meiner ho.

Ørskog

Dei nykonfirmerte ørskogbygdarane skal på tur til Ålesund, men har lite tru på samanslåing til regionkommune. F.v.: Lilly Renate Kobbevik Uren, Solveig Sætrebakken og Amalie Ramsvik.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Gode naboar

På rådhuset har Odd Asbjørn Nybø og kona Marit møtt opp for å førehandsstemme. Han røpar at også han stemmer for landkommune:

– Vi er gode naboar, så dette bør gå bra, seier han.

– Folk har det godt her. og det trur eg dei kjem til å ha uansett korleis det blir, seier ein smilande førehandsstemmar på servicekontoret.

Ørskog

Marit og Odd Asbjørn Nybø førehandsstemte onsdag. Bente Gravem (midten) tok imot stemmene på servicekontoret.

Foto: Tore Ellingseter / NRK