Hopp til innhold

Sjukdom utsette nedlegging av grunnstein

To dagar før grunnsteinen i det nye klosteret på Syltefjellet i Norddal kommune skulle leggast ned, så har arrangementet blitt utsett. Sjukdom skal vera årsaka.

Sjå tv-saka: MÅ UTSETTE: Dei har laga gangveg til klostertomta, og grunnsteinen skulle leggast ned 13. august. Det er no utsett grunna sjukdom. Foto/redigering Øyvind Sæbjørnsen.

– Dette er utanfor vår kontroll og skuldast interne hendingar i Patriarkatet av Georgia. Beklagar det inntrefte, og den belastning det måtte ha for alle våre gjestar, står det i ei pressemelding signert Glenn Hole og nonne Abbedisse Thavoria.

Til NRK opplyser Archiment Right Irineos som er prest, munk, og advokat, at utsettinga av grunnsteinsnedlegginga kom overraskande på.

– Me forstår det også, for patriarken av Georgia har vore i Tyskland for ein operasjon den siste månaden. Det var vanskeleg å få denne prosessen ferdig fort nok, seier han.

– Patriarken kom nyleg attende til Georgia, og georgianarane hadde ikkje nok tid til å vera godt nok førebudd til seremonien. Det er me leie for, seier Irineos.

Håpa å starte snart

Tidlegare i sommar var Abbedisse Thavoria for De Hellige Kong Olav & Profet Elias Klosteret stolt over å kunne seie at endeleg skulle grunnsteinen i det første ortodokse klosteret i Noreg leggast ned.

Thavoria håpa at dei snart ville starte bygginga av klosteret, eit kloster som har vore under planlegging sidan 1991.

Mange gjester

Irineos seier at dei ikkje kunne få informasjonen før. Dei håpar at om eit par veker, vil dei vite kva tid seremonien kan gjennomførast.

Abbedisse Thavoria

MÅ UTSETTE: Abbedisse Thavoria seier at nedlegginga av grunnsteinen i klosteret må utsettast.

Foto: Frode Berg / NRK

Irineos seier 117 gjestar hadde takka ja til å vera med på seremonien.

– Meir enn halvparten av dei er varsla om utsettinga, og me skal informere dei andre også. Dette har sjølvsagt ein kostnad, seier han.

– Det er respektfullt å følge førespurnaden til patriarken om å utsette, så me tar dette til følge, seier Irineos.

Abbedisse Thavoria seier dei fekk vite først måndag kveld, tre dagar før seremonien, at patriarken ikkje kom til Noreg.

Grunnsteinen skulle leggast ned av patriarken av Georgia, men på grunn av sjukdom måtte han avlyse. Abbedisse Thavoria vektlegg at sermonien er utsett, ikkje avlyst. Arbeidet med tomta er i gong trass utsettingar.

– Me held fram på same måte, det er ingenting som er forandra. Kanskje har me til og med fått litt elstra pågongsmot slik at me kan ta dei imot på ein enno betre måt,e seier ho.

– Dei har langt tidsperspektiv

Ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal kommune skulle sjølv vera gjest under nedlegginga av grunnsteinen den 13. august.

Bjørn Inge Ruset

GJEST: Ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal kommune skulle sjølv vera gjest under nedlegginga av grunnsteinen

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg tenkjer at dette er ei sak der den Georgiske kyrkja må gjere slik som dei vil, og eg ventar på dei utspela dei måtte komme med, seier han.

– Det er dei som ynskjer å bygge dette klosteret, og det ser me no velvillig på, men slik er det, seier Ruset.

– Klosteret har vore lenge under planlegging, kva tenkjer du om det nok ein gong er noko som blir utsett?

– Det verkar på meg at dei har eit langt tidsperspektiv, seier Ruset.