Hopp til innhold

Må tole kveldsstengt tunnel

Brukarane av Fannefjordtunnelen kan ikkje rekne med å få køyre i tunnelen på kveld- og nattetid i eitt år.

Fannefjordtunnelen

I eitt år vil Fannefjordtunnelen mellom Bolsøya og Molde vere stengt mellom klokka 18 og 06 på grunn av rehabilitering.

Foto: NRK

Når anleggsarbeidet tek til i november, må dei som bur på sørsida av Fannefjorden innfinne seg med stengt tunnel mellom klokka 18 på kvelden og klokka 06 om morgonen. Årsaka er at tunnelen skal renoverast.

– Må ha kveldsstengt

Arbeidet med den nesten tre kilometer lange undersjøiske Fannefjordtunnelen kjem til å ta om lag eitt år. Det skal mellom anna monterast ny sikring mot vatn og frost, nytt lys og ny ventilasjon. Det blir dessutan havarilommer og snuplass i botnen av tunnelen.

Av omsyn til prisen og arbeidet må tunnelen vere bilfri om kvelden og natta, seier Arhur Selliås i Statens vegvesen.

– Ei eventuell opning på kveldstid er ikkje aktuelt før langt ut i anleggsperioden – sommaren 2015 tidlegast.

Vil ha kolonnekøyring

Utsiktene til med kveldsstengt tunnel har gjort fleire brukarar av tunnelen svært provoserte. Steinar Malones bur på Skåla og er talsmann for brukarane av Fannefjordtunnelen. Han meiner at vegvesenet sine alternative løysingar ikkje er gode nok.

– Det vi har som krav er at tunnelen skal open til klokka 21 om kvelden og ha kolonnekøyring fram til midnatt, seier han til NRK.

Malones stussar over at andre tunnelar kan renoverast utan å bli stengde

– Det skjønar vi rett og slett ikkje, seier han og meiner det same burde vere tilfelle for Fannefjordstunnelen.

Alternative løysingar

Selliås i vegvesenet seier dei vil leggje fram fleire alternative løysingar til tunnelen i tida som kjem.

– Forutan omkøyring via Osen vil lokaltrafikken vil bli styrka gjennom busstilbodet og eventuelt ein hurtigbåt, seier han.