NRK Meny
Normal

Må ta ferie utan kvalik-plass

Etter 2-1 tap for Brann i Bergen må KBK ta ferie utanfor kvalikkplassane.

Christian Michelsen

GREITT NØGD: KBK trenar Christian Michelsen er greitt nøgd med sesongen så langt.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Med siger i dagens kamp mot Brann kunne Kristiansund tatt ferie etter halvspelt serie med godt samvit på ein fjerdeplass, berre eit poeng bak Hødd på tabellen. Men allereie etter 23 minutt begynte det å gå gale for Kristiansund, då fekk Stian Gregersen sitt første gule kort og berre eit par minutt seinare opna Kristoffer Larsen kveldens målkonto og ordna 1-0 for Brann.

Etter 39 minutt vart kvelden endå mørkare for Kristiansund, då fekk Stian Gregersen sitt andre gule kort, og vart sendt i dusjen av dommar Anders Gjermshus. Tre minutt seinare utlikna rett nok Dan Peter Ulvestad slik at KBK kunne ta med seg eit uavgjort resultat inn til pause.

Men då Brann på nytt tok leiinga etter pause klarte KBK aldri å svare og Kristoffer Larsens mål i starten av andre omgang vart avgjerande for at Brann vann kampen 2-1. Kristiansundtrenar, Christian Michelsen, fortel at han synest det raude kortet gjorde det til ein vanskeleg kamp.

– Det raudet kortet preger heilt klart kampen. Eg synest det var eit strengt raudt kort som kanskje heller burde vore eit gult kort til saman.

Etter tapet for Brann ligg Kristiansund no på sjuandeplass i førstedivisjon. Etter halvspelt serie har laga på det nest øvste nivået no eit par veker pause før serien startar opp att 26. juli. Med siger i dagens kamp kunne KBK tatt ferie på ein fjerdeplass, men med tap må dei gå inn i ferievekene utanfor kvalik-plassane.

– Ser du bort frå poengfangsten vår den siste veka, har vi vore gode og eg er greitt nøgd med sesongen så langt. Målet vårt for sesongen er å komme topp seks, det er eit ganske tøft mål, men heilt klart oppnåeleg.