Hopp til innhold

Må stille med sjukeheimsplassar til alle med krav på det

Mange kommunar er framleis ikkje budde på å møte lovendringa som forpliktar dei til å gi sjukeheimsplass til alle som har rett på det, trur Pensjonstforbundet.

Mellvin Steinsvoll

Fylkesleiar i Pensjonistforbundet, Mellvin Steinsvoll, vil fylgje nøye med på at kommunane får opp farta i arbeidet for å utarbeide nye forskrifter om sjukeheimsplassar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I fjor sommar vedtok Stortinget ei lovendring om rett til opphald på sjukeheim eller andre tilrettelagde bustader med heildøgnstenester. I den nye lova som trer i kraft 1. juli er kommunane pliktige til å utarbeide kriterium for korleis desse institusjonsplassane skal tildelast. Kommunane må også føre ventelister for pasientar som oppfyller kriteria, men som bur heime medan dei ventar på å få tildelt langtidsplass.

Fylkesleiar i Pensjonistforbundet, Mellvin Steinsvoll, taler dei eldre si sak og seier at med den nye lovar har rettane deira blitt styrka.

– I den nye lova blir kommunane pålagde å føre ventelister og då får vi betre oversikt over korleis situasjonen er. Det vil styrke situasjonen, seier Steinsvoll. No er han oppteken av at kommunane får opp farta, slik at dei har forskriftene klare innan 1. juli. Regjeringa har sagt at dei vil innføre nasjonale kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheimane.

Med betre oversikt over kven som har rett på sjukeheimsplass, får kommunane også oversikt over om ein må utvide eller bygge nytt.

– Vi veit at fram til 2040 vil det vere ei formidabel auke av eldre over 80 år. Verst er det i byane og det er ei stor utfordring som kommunane må vere budde på, seier fylkesleiaren.

Pensjonistforbundet kjem i tida framover vere i nær dialog med eldreråda rundt om i kommunane, for å sikre seg at eldre får dei institusjonsplassane dei har krav på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL