Hopp til innhold

– Må starte arbeidet med å samle fylket

Regiondebatten har splitta Møre og Romsdal, og fleire politikarar meiner det blir ei utfordring å overvinne dei motsetningane som er skapt.

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde frå Venstre meiner jobben med å samle fylket må starte no.

Foto: Trond Vestre / NRK

I går gjekk fylkesutvalet inn for at Møre og Romsdal skal halde fram som eige fylke også i framtida. Seks nordmørskommunar ønskjer å gå nordover til Trøndelag, men i fylkesutvalet var det berre Nordmørslista som støtta dei. Desse kommunane er Aure, Rindal, Smøla, Halsa, Kristiansund og Surnadal.

Mette Belden frå Nordmørslista meinte at desse kommunane måtte få lov til å bryte ut av Møre og Romsdal, men resten av politikarane vende tommelen ned til forslaget. Dei seks kommunane må dermed feste sin lit til Stortinget.

– Det er opp til kommunane å ta dette vidare, men eg trur ikkje at det vil bli noko ro rundt det med det første. Debatten vil halde fram på Nordmøre, seier Belden.

Må samle fylket

Arbeidet med regionreforma har vore prega av ein debatt med tøffe tak og sterke kjensler, noko som har ført til at Møre og Romsdal no står igjen som eit splitta fylke. Resultatet kan bety at deler av Nordmøre blir lenka til eit Møre og Romsdal som dei ikkje ønsker å vere ein del av.

Kristin Sørheim

Det er viktig å gå i dialog med dei kommunane som no ønskjer å bryte ut, meiner Kristin Sørheim frå Senterpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Difor blir det viktig å gå i dialog med dei kommunane som no ønskjer å bryte ut, meiner Kristin Sørheim frå Senterpartiet.

– Det er utruleg viktig at fylkeskommunen tek eit møte med dei nordmørskommunane som ønskjer seg ut og diskuterer seriøst med dei om kva som er problemet, og kva som må gjerast for at det skal bli betre for dei å vere i fylket, seier ho.

Gunn Berit Gjerde frå Venstre meiner jobben med å samle fylket må starte no.

– Det blir heilt avgjerande. Dersom vi skal halde fram med å kjefte på kvarandre og slite i kvar vår ende, så blir ikkje dette bra. No må vi sette oss ned og snakke i lag om korleis vi skal få dette ut av vegen for å kunne gå vidare i lag, seier ho.

– Har vore krevjande

Heller ikkje fylkesordføraren trur at dette vil gå over med det første. No håpar han at flasketuten vil peike mot Møre og Romsdal som eige fylke. Men Jon Aasen vedgår arbeidet med regionreforma er krevjande.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen seier arbeidet har vore krevjande.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er nokre av dei vanskelegaste sakene eg har vore med på som politikar. Eg ser at vi ikkje blir ferdig med debatten den dagen stortingspresidenten slår klubben i bordet og seier at Møre og Romsdal skal bestå.

Vi kjem til å måtte leve med denne debatten i lang tid framover, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL