Må spare pengar – kuttar i utdanningstilbod til unge

Mange elevar står i fare for å miste utdanningstilbod fordi fylket ikkje har nok pengar til å betale for det.

Risikerer å miste vgs-tilbodet.

MUSIKKLINJA: Emma Sævik går på musikklinja på Volda vidaregåande skule. Ho er også vokalist i bandet Ufokusert.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Ikkje kutt i dei kreative faga, seier musikkelev Emma Sævik til politikarane.

Møre og Romsdal fylke slit økonomisk. For å spare 100 millionar kroner på utdanning på tre år, foreslår dei å kutte i tilbodet på vidaregåande skular.

Blant anna foreslår dei å redusere talet på elevar på musikklinja i Volda og kunst, design og arkitektur blir flytta til Ålesund, det reagerer Sævik kraftig på.

– Miljøet på musikklinja i Volda er unikt, med mange dyktige lærarar. Det blir veldig dumt at vi får færre plassar og mistar kunst, design og arkitektur, seier ho.

Emma Sævik går siste året på musikklinja med song som hovudinstrument. Om ho ikkje hadde fått plass i Volda, hadde nærmaste musikklinje vore nesten to timar vekke.

– Eg veit ikkje om eg hadde gått musikklinja om eg hadde måtta flytta på hybel i Ålesund, ikkje alle som er 15–16 år gamle er klar for å flytte heimanfrå så tidleg, seier ho.

Musikklinja i Volda er veldig populær, og kvart år må dei takke nei til elevar fordi dei ikkje har plass.

Det blir eit fattig tilbod

– Eg blir forferdeleg skuffa over fylket som eg trudde var på lag med ungdommen, at dei skal få ta frie val til kva for retning dei vil velje på vidaregåande, seier Hildur Sandstad Dalen.

Hildur Sandstad Dalen er songpedagog på Volda vgs.

SER MØRKT UT: Hildur Sandstad Dalen seier det ser mørkt ut for ungdom i Møre og Romsdal, med dei kuttforslaga som fylket har kome med.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ho arbeider som songpedagog og kontaktlærar ved Volda vidaregåande. Det har lenge vore fokus på at elevar skal fullføre vidaregåande. No fryktar Dalen dette kan øydelegge for fullføringsprosenten.

– Eg trur tilboda om fag som yrkesfag, kunstfag, musikkfag og toppidrett har vore med å heva gjennomføringsprosenten å vidaregåande, med desse kutta fryktar eg det blir verre, seier ho.

– Ei rasering av skuletilbodet

Utdanningsforbundet er redd for at det desentraliserte skuletilbodet i Møre og Romsdal blir dårlegare.

– Det er ei rasering etter vårt syn. Ein plukkar tilbod frå skulane, noko som fører til ei kraftig kveling av eit godt skulemiljø, seier fylkesleiar Gerd Botn Brattli.

Forstår reaksjonane

– Eg forstår at folk reagerer på dei kutta vi har foreslått, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Ottar Brage Guttelvik.

HARDE KUTT: Ottar Brage Guttelvik var forberedt på at det kom til å komme reaksjonar på forslag til budsjett som dei la fram.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei har blant anna foreslått å redusere tilboda til musikk, dans og drama i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.

– Dette er dyre tilbod å behalde. Også har vi vurdert det opp mot yrkesmoglegheiter, og kome fram til at vi har måtta kutta på dette området, seier han.

Også mange andre fag står i fare for å bli redusert eller lagt ned.

– Vi har gjort det på denne måten for å ikkje måtte leggje ned skular, men då har vi måtta kutta i tilbod til kvar einskild skule.