Hopp til innhold

Må sone lang fengselsstraff

Ein mann i 30-åra er i tingretten dømd til to år og fire månader i fengsel. I april i fjor vart han pågripen i ein væpna aksjon i Volda etter å ha truga til seg ein bil. I tillegg truga 30-åringen med å skyte politiet og å brenne ned asylmottaket i Volda. Han er også dømd for sal, oppbevaring og bruk av narkotika, tjuveri, køyring i rusa tilstand og hærverk. I tillegg til fengselsstraffa misser mannen førerkort i to år.