NRK Meny

Må sone i åtte månader

Ein 26 år gamal mann er i Romsdal tingrett dømd til fengsel i åtte månader for vald mot sin tidlegare sambuar. Då han oppdaga at ho hadde med seg ein mann heim etter ein kveld ute på byen, braut han seg inn i leiligheita hennar, skubba henne over ein vedovn og slo henne fleire gongar i ansiktet. Kvinna fekk brot i nasen og augehola og vart innlagt på sjukehus. Mannen må også betale henne i overkant av 40 000 kroner.