Må sleppe kraftselskapet inn i huset - sjølv om han trur familien blir sjuk

Cornelius Eckert fryktar at strålinga frå dei automatiske straummålarane gjer både han og familien sjuk. No slår retten fast at han må ta imot dei likevel.

Cornelius Eckert

Cornelius Eckert må finne seg i å opne dørene når Istad Nett sine folk bankar på. Han ønskjer ikkje å ha dei automatiske straummålarane i hus.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Trebarnsfaren Cornelius Eckert prosederte sjølv saka på vegne av sju naboar i Romsdal nyleg. I Møre og Romsdal tingrett forklarte han at dei frykta helseplager som følgje av dei omstridde straummålarane.

Men no har retten slått fast at det lokale kraftselskapet Istad Nett har rett til å gå inn i husa til dei sju kundane. I verste fall med makt.

– Vi ankar truleg saka, vi er ikkje enig i avgjerda, seier Cornelius Eckert. Han seier retten ikkje har tatt omsyn til dei helsemessige aspekta, og berre vurdert lovverket.

– Ikkje overraska

I dommen som blei avsagt 1. juni står det at «Retten kan ikke se at fra saksøktes side er sannsynliggjort at AMS-målere utgjør en helserisiko som medfører brudd på Grunnloven § 112. Retten står da igjen med de siterte uttalelser fra norske myndigheter og legger disse til grunn.»

Gerhard Eidså

Dagleg leiar Gerhard Eidså i Istad Nett AS seier han er glad for avgjerda i retten. Han seier dei tek til vitande at motparten truleg ankar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet er også heilt tydeleg på at dei nye automatiske straummålarane ikkje er helsefarlege.

Gerhard Eidså dagleg leiar i Istad Nett AS seier dei er glade for avgjerda i retten.

– Vi er glad for å ha fått gjennom våre synspunkt på alle punkt, seier Eidsaa. Han legg til at han ikkje er overraska.

Må opne døra

Bransjen er pålagt å installere nye straummålarar i alle hus, og fristen gjekk ut for over to år sidan.

Men fleire stader i landet nektar folk å ta imot dei nye straummålarar. Nokre argumenterer med at dei er redde for stråling, andre for at dei fryktar overvaking. Miljøargumentet blir også trekt fram, når dei gamle målarane skal skiftast ut.

Det er første gongen spørsmålet om tvangsinstallering blir prøvd i ein norsk rettsal.

Retten slår fast at kunden ifølgje lova pliktar å la nettselskapet få adgang dersom det foreligg eit sakleg behov.

Cornelius Eckert

Cornelius Eckert er godt fornøgd med den gamle straummålaren og seier han ikkje vil bytte den.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei sju naboane har no tatt advokat.

– Vi skal ikkje ha den målaren i huset, det er heilt sikkert, seier Eckert.