Hopp til innhold

Må sjekke sjøauren

Miljødirektoratet har gitt Nordmøre Energiverk pålegg om å gjere biologiske undersøkingar av vatnet i elva Grøa for å finne ut korleis det står til med bestanden av sjøaure i vassdraget, skriv Tidens Krav (krev innlogging). Kravet er knytt til at energiverket i si tid fekk konsesjon for å bygge Grøa kraftverk i Sunndal. Grøa er eit sidevassdrag til lakseelva Driva der landets største laksesperre er montert. Sperra til 60 millionar kroner blei sett opp av direktoratet for å hindre laksen i å gå opp i elva. Dette som ein del av kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i vassdraget.

Sjøørret
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL