Hopp til innhold

– Møbelbransjen må samarbeide for å overleve

– Møbelbedriftene i Noreg må samarbeide for å overleve. Det seier dagleg leiar Lars Urtegård i det nyetablerte selskapet Furnia.

Hjellegjerde

Sals- og administrasjonsselskapet Furnia er eit samarbeid mellom møbelbedriftene Sandvik, Ra-Jo og Vest-Møbel. Selskapet held til i lokala til Hjellegjerde i Sykkylven.

Foto: Frode Berg / NRK

Furnia er danna med utgangspunkt i Sandvik i Ørsta, og Ra-Jo og Vest-Møbel i Sykkylven. Produksjonen er no i gang i dei gamle lokala til Hjellegjerde.

Lars Urtegård

Lars Uretgård er dagleg leiar i møbelselskapet Furnia.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Med dei utfordringane som bransjen har i dag så trur eg at ein er nøydd til å tenkje mykje meir samarbeid. Ikkje nødvendigvis slå saman bedrifter som vi har gjort her, men kanskje med tettare samarbeid på ulike område, då innanfor bedriftene, seier Urtegård.

Etter ferien vil det vere over tjue tilsette som jobbar i Furnia. Tidlegare var dette tre ulike bedrifter, Sandvik i Ørsta, og Ra-Jo og Vest-Møbel i Sykkylven. Nokre stillingar har forsvunne i samanslåinga, men dette er nødvendig, seier Urtegård.

Mista Sitwell

Måndag kom nyheita om at Sitwell i Stordal ikkje vil gå inn i det nye samarbeidet. Det bekymrar ikkje Urtegård i særleg grad, men han erkjenner at Furnia mister nokre av fordelane som dei elles ville fått.

– Vi taper ein del av dei synergieffektane som var planlagte med å ha alle fire selskapa under same tak. Det er klart at det er ikkje blir så optimalt som vi hadde tenkt oss, seier Urtegård.

– Det vert færre å dele kostnadane på, så vi må sjå vidare på kostnadsstrukturen og organisasjonsstrukturen, legg han til.

Sitwell lét vere å flytte til Sykkylven fordi dei frykta å miste fagfolka sine i flytteprosessen. Dette har førebels ikkje vore noko problem for Sandvik som flytta frå Ørsta, seier Urtegård.

– Per i dag så er iallfall Sykkylven den plassen som har mest tilgang på fagpersonell, seier han.

Har trua

Lokala til Hjellegjerde har ikkje akkurat vore lukkebringande, kvifor har du så langt tru på Furnia?

– Ein har aldri garanti for å lukkast, men med det konseptet som vi no køyrer, med samkøyring av sofa- og matstoveprodukt, så har vi meir tru på at vi skal lukkast enn om vi hadde køyrt kvar for oss.

Den daglege leiaren peikar også på moglegheitene for auka profesjonalitet ved å dele kompetanse og erfaring.

– Når ein er liten vert det fort slik at oppgåvene fell på ein eller to personar, men no har vi moglegheita til å spesialisere oppgåvene. Derfor har eg trua.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL