NRK Meny
Normal

Må rydde opp i miljøgifter

Fylkesmannen krev at om lag tretti grunneigarar rundt Aspevågen i Ålesund leverer ein rapport om farlege miljøgifter på eigedomane innan 15. september neste år.

Borgundfjorden

Overingeniør Thomas Aurdal i miljøvernavdeling ved Fylkesmannen seier Borgundfjorden – og særleg Aspevågen – er eit av Norges mest forureina hamneområde.

Foto: Wikimedia commons

Overingeniør Thomas Aurdal ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen seier dei aktuelle eigedomane er tidlegare industritomter, og kan vere forureina av fleire miljøgifter. Han meiner det er viktig å få rydda opp i miljøgiftene så snart som råd.

– Noko av forureininga kan vere fleire tiår gammal. Og sjølv om mykje av industrien i området har vore nedlagt i fleire år så er mange av desse giftene resistente mot nedbryting i naturen, og kan difor utgjer eit problem i veldig lang tid, seier Aurdal.

Grunneigarane skal kome med tiltak

Grunneigarane skal også kome med forslag til tiltak, slik at eventuell forureining ikkje hamnar i sjøen.

– Mange har vore positive, medan nokre har vore negative, seier Aurdal.

Han anbefaler grunneigarane å kontakte eit konsulentfirma med kompetanse innanfor miljøundersøking og grunnforureining.

– Då kan dei få konsulentfirmaet til å gjere undersøkingane og vurderingane for dei. Når det er mange grunneigarar på ein lokalitet så oppmodar vi at dei inngå eit samarbeid både med tanke på økonomi og resultat, seier Aurdal.

No har grunneigarane fram til 15. september neste år med å kome med tiltaksvurderingar for landområda rundt Aspevågen i Ålesund.

– Det blir spennande å sjå kor mykje tiltak det er behov for på land. Når det er gjort kan vi rette merksemda mot sjøen, seier Aurdal.