NRK Meny

Må rydde opp etter seg

Fylkesmannen ber fleire innbyggjarar i Surnadal om å rydde opp etter seg i Todalsøran naturreservat. Ifølgje fylksmannen er det funne trepallar, hageavfall, kvist og bålplass i reservatet, og fylkesmannen meiner det er svært uheldig. I eit brev til fleire grunneigarar kjem det fram at dumping av hageavfall kan føre til spreiing av framand artar, som det offentlege allereie brukar store ressursar på å fjerne. No har dei frist til slutten av august med å uttale seg i saka, før fylkesmannen eventuelt gjer eit formelt vedtak om pålegg.