NRK Meny

Må rette opp feila på Smølahallen

Frostating lagmannsrett slår fast at krava etter bygging av Smølahallen på Smøla ikkje er forelda.

Kommunen gjekk i fjor haust til sak mot entreprenøren Backe Nordvest mellom anna fordi taket på hallen lak, men tapte i Nordmøre tingrett. Hallen blei bygd i 2009, men lagmannsretten konkluderer med at entreprenøren framleis har ansvar for å rette opp feila.

Backe Nordvest må også betale vel 360 000 kroner i sakskostnader til Smøla kommune.