Må rekne med venting

Arbeidet med å bygge forbikøyringsfelt på E39 Ørskogfjellet har starta. Det er mykje fjell som skal sprengast og då må bilistar rekne med ventetid på inntil 15 minutt, opplyser Statens vegvesen. Forbikøyringsfeltet på Ørskogfjellet skal stå ferdig sommaren 2022.

Anleggsstart for forbikøyringsfelt på Ørskogfjellet
Foto: Egil Asgeir Olsen / Statens vegvesen