Hopp til innhold

Må reise i to timar for å kome til jobb

Nokre må reise litt lengre for å kome seg på arbeid. For Amalie Sandøy inneber turen til jobb fleire titals kilometer og ein ferjetur på ein og ein halv time.

Amalie Sandøy

Den siste veka har Amalie Sandøy pendla frå Aukra til Harøya i Sandøy kommune.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det er framleis tidleg morgon for dei fleste av oss. Likevel er det mange som allereie har starta arbeidsdagen eller som er på veg til arbeid. På ferja mellom Småge og Finnøya var ein av dei.

– Ja, eg stod opp klokka seks for å ta ferja fem på sju. Eg jobbar eigentleg på Bunnpris Aukra, men skal no vere vikar på Bunnpris Harøya, seier Amalie Sandøy med eit smil.

Lang reiseveg

Ho brukar dermed rundt to timar til å kome seg på jobb om morgonen.

– På morgonen tek det litt ekstra tid ettersom vi skal innom alle småøyene også, seier Sandøy.

Og når ferjene i tillegg ikkje går kvar time, kan det fort bli litt venting,

– Eg er ganske heldig når eg skal heim, då må eg berre vente ein time. Då jobbar eg berre litt ekstra og så tek eg ferja heim, seier Sandøy.

Nyt ferjeturen

Sjølv om det er fleire andre pendlarar på ferja, er den lange reisevegen berre midlertidig for Sandøy sin del.

– Nei, eg skal berre vere her litt. Eg var her førre veke og så trengde dei litt ekstra hjelp på grunn av sjukdom, så då blei eg lånt ut, seier ho.

I mellomtida nyt ho den lange ferjeturen.

– Det er litt nytt. Eg har ikkje hatt så lang veg før, men det har gått greitt så langt. Det er ikkje noko problem så lenge det er roleg på sjøen. I tillegg er det mykje fint å sjå, seier ho.

Likevel innrømmer ho at det er litt hardt å stå opp så tidleg for å reise på jobb.

– Ja, det er litt hardt, men eg har kaffi så det går bra, seier ho lattermild.