Hopp til innhold

Må rapportere om tvang til Norsk Pasientregister

Helsedirektoratet har gitt alle helseføretak frist til april med å levere eit oversyn over kor mange psykiatriske pasientar dei har lagt i reimer dei tre siste åra.

Illustrasjon av pasient lagt i belter

Alle helseføretaka må ha tal for reimbruk klare innan månadsskiftet.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Oversynet skal til Norsk Pasientregister.

Før jul blei det sett fokus på bruk av tvang i psykiatrien her i landet, og då kom det fram at Helse Møre og Romsdal legg pasientane i reimer over lengre tid enn elles i landet.

Ketil Gaupset

Klinikksjef Ketil Gaupset seier oversikten skal vere klar i løpet av ei veke.

Foto: Helse Midt-Norge

Det førte til at helseføretaket sjølv har jobba og jobbar for å få oversikt. No må i alle fall den oversikten vere klar i løpet av denne månaden, etter krav frå Helsedirektoratet.

Og klinikksjef for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal, Ketil Gaupset, seier klinikkane i Molde og Ålesund skal levere tala innan fristen.

– Vi skal levere tal for 2014, 2015 og 2016. For oss har dette høg fokus og er ekstremt viktig å få på plass.