Hopp til innhold

Må peike ut ei klar retning

KrF bør halde fram som eit konstruktivt opposisjonsparti i Stortinget, seier stortingsrepresentant Steinar Reiten. Han meiner at Listhaugsaka ikkje endrar på dette. Fleire fylkesleiarar i KrF meiner det er på tide å avklare om dei skal gå inn i regjering eller ikkje. – Vår strategi er å profilere oss gjennom å vise praktisk handling på Stortinget. I tillegg har landsstyret og Stortingsgruppa bestemt at vi i løpet av året må klargjere kor vi legg oss i det politiske landsskapet og kva regjeringsalternativ vi peiker på fram mot valet i 2020.

Steinar Reiten
Foto: Andreas Sundby / NRK