NRK Meny
Normal

Må kjempe for fengsel

Sunnmørsordførarane må kjempe for å få Stortinget til å seie ja til bygging av nytt soningssenter i regionen. Fengselet i Ålesund er 150 år og altfor skrøpeleg til å støtte dagens krav.

Fengselsleder Kjartan Helland Ålesund fengsel

Kjartan Helland er leiar for det 150 år gamle fengselet i Ålesund sentrum.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Dei neste månadene blir heilt avgjerande for prosjektet på Sunnmøre, meiner forkjemparane for nytt fengsel.

Dårlegast

Mellom dei som kjempar innbitne for å få stortingspolitikarane med på løyvingar, er fengselsleiar Kjartan Helland.

– No er det viktig å få på plass eit nytt. Fengselet i Ålesund er altfor gamalt og kapasiteten i fylket er dårleg. Vi er vel det fylket i landet som har dårlegast med soningsplassar, meiner Helland.

Sunnmørsordførarane fann saman i går då dei var på synfaring til 10 ulike tomtealternativ i dei fem kommunane Giske, Haram, Skodje, Sula og Ålesund. No vil ordførarane late vere å slåst seg i mellom om kven som skal få fengselet. Dei vil heller gjere felles front for at det endeleg blir eit fengsel i regionen.

Det viktigaste er å få fengselet til regionen, seier Bjørn Sandnes, ordførar i Haram.

Tøff kamp

Anders Riise

Ordførar i Hareid og leiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise, håper på fengselavklaring.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Og det blir ein tøff kamp, for i Stortingsmeldinga til regjeringa er ikkje fengselsprosjektet på Sunnmøre med. No vonar sunnmøringane å få med seg justiskomiteen på Stortinget, og dei neste månadene blir viktige, seier ordførar i Hareid og leiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise.

– Tida framover blir svært avgjerande. Stortingsmeldinga skal ikkje ut på høyring, så aktiv politisk jobbing opp mot komiteen, stortingspolitikarane og Mørebenken blir veldig viktig for å kome i posisjon, seier Riise.

Ein merknad til Stortingsmeldinga vil vere avgjerande, meiner han. Dei har alt starta jobbinga opp mot det politiske miljøet, og fleire politikarar kjem på synfaring til distriktet.

– Lukkast vi ikkje no, blir alt sett ut i tid, meiner Anders Riise.

Ti stader er aktuelle for bygging av nytt fengsel på Sunnmøre. I løpet av ei veke skal det beste alternativet ha blitt peikt ut. Dårleg fengselskapasitet i Ålesund gjer at det hastar med å kome i gang.