Hopp til innhold

Må i fengsel for å ha lurt dottera

Ein ålesundsmann i 40-åra er dømd for å ha lurt frå dottera over 80 000 kroner, ved å gje banken hennar ei falsk fullmakt.

Dom i Borgarting Lagmannsrett.
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Mannen er dømd fleire gongar tidlegare og er no dømd for to nye straffeforhold - vald og svindel. I tillegg til fengselsstraffa på 75 dagar er han no dømd til å betale rundt 100 000 kroner i erstatning.

Svindelen er retta mot Nordea Bank. Ved hjelp av ei falsk fullmakt, skal den dømde ha overført over 80 000 kroner frå dottera sin konto til sin eigen fordi han hadde økonomiske problem.

I fjor sommar køyrde også den dømde hardt inn i ei kai i Ellingsøyfjorden. Han skal deretter ha slått til ein mann som skulda han for dårleg sjømannskap. I dommen er tiltalde dømd til å betale ei oppreising på 15 000 kroner til vedkommande.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL