NRK Meny
Normal

Må i fengsel etter overgrep mot 14-åring

Ein mann i 20-åra er i Romsdal tingrett dømt til fem månaders fengselsstraff for seksuell omgang med ei mindreårig jente.

Norges lover tingrett

Mannen i 20-åra og jenta vart kjende gjennom ein chat-app. Mannen er dømd for seksuell omgang med ein mindreårig.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Det var hausten 2012 at mannen og jenta kom i kontakt med kvarandre gjennom internett. Mannen var då 22 år gamal og jenta var 14 år. Etter å ha snakka saman nesten dagleg gjennom chat i fleire månader, bestemte dei seg for å møtast. Møtet enda med sex heime i mannens leilegheit.

Brukte ikkje kondom

Dei to møttest fleire gongar, står det i dommen, og dei hadde samleie fleire gongar. Tiltalte skal ha brukt kondom nokre gongar, andre ikkje.

Våren 2013 slutta dei å ha kontakt, fordi jenta uttrykte at mannen var for gamal.

Forholdet vart meldt til politiet i juni 2015, etter at fornærma fortalde om den seksuelle omgangen til behandlingsapparatet. Jenta er tilvist til barne og ungdomspsykiatrien og har fått ei psykiatrisk diagnose tidlegare. Ho skal ha hatt ein vanskeleg barndom, men retten legg til grunn at dei vanskane ho har i dag, ikkje skuldast den seksuelle omgangen med tiltalte.

Visste alderen

Retten meiner det er straffeskjerpande at tiltalte hadde seksuell omgang med henne, sjølv om han visste at ho var under 16 år. Det er også skjerpande at det har skjedd fleire gongar og at mannen ikkje brukte kondom. Sjølv om samleia var frivillig og dei hadde eit slags venskapsforhold, meiner retten at den seksuelle omgangen hadde eit visst preg av utnytting.

Mannen tilstod i første møtet med politiet og han får difor strafferabatt. Han må også betale jenta 50.000 kroner i oppreisingserstatning.