Må i fengsel etter ølglaskasting

Ei kvinne frå Nordmøre kasta eit ølglas i ansiktet på ei anna kvinne slik at ho byrja å blø. No må ho i fengsel.

NORDMØRE TINGRETT

Ein kvinne i starten av 20-åra må i fengsel i 120 dagar for å ha kasta eit ølglas i ansiktet på ei anna kvinne.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Ei kvinne frå Nordmøre er dømt til 120 dagar fengsel etter å ha kasta eit ølglas i ansiktet på ei anna kvinne. Det kjem fram i ein dom frå Nordmøre tingrett.

Det var i mars i år at dei to kvinnene deltok på eit festleg lag på Nordmøre. Dei to kvinnene var kjenningar av kvarandre og det skal ikkje ha vore dårleg stemning mellom dei to.

Ut på kvelden skal den dømde kvinna i starten av 20-åra ha kasta eit 0,4 liter stort ølglas i ansiktet til den andre kvinna. Det var om lag ein meter mellom dei to då glaset blei kasta. Glaset trefte kvinna i panna og knuste, noko som førte til at kvinna begynte å blø.

Frakta til sjukehus

Medan den dømde kvinna forlét feiringa, blei den andre kvinna frakta til sjukehus. Ho hadde fått eit 2 cm langt kutt i panna og det blei funne fleire glasbitar i såret. Ho måtte sy fire sting og blei sjukmeld i nokre dagar.

Kvinna i 20-åra tok kontakt dagen etterpå for å be om unnskyldning. I retten beklaga ho det som hadde skjedd og forklarte ho at ho ikkje meinte å skade nokon, og at ho ikkje hadde sett kvar glaset hamna då ho kasta det. Kvinna hadde drukke alkohol, og var full då hendinga skjedde.

I dommen legger retten vekt på at kvinna tilstod forholdet, erkjente straffeskuld og viste anger for det ho hadde gjort. Men ettersom handlinga var farleg og kunne ha forårsaka alvorleg skade, meinte retten at ei fengselsstraff var passande.

I tillegg til fengselsstraffa på 120 dagar må kvinna betale sakskostnadane og ei erstatning på nesten 700 kroner for kvinna sine legeutgifter.