NRK Meny
Normal

Må i fengsel etter MC-flukt frå politiet

Ein mann i 30-åra må i fengsel etter politijakt. I mai flykta han frå politiet og passerte ei vegsperring, etter å ha blitt målt til 180 km/t i ei 80-sone.

Råkøyringa som han no er dømt for skjedde i mai 2017, på europavegen i Brusdalen utanfor Ålesund.

I retten forklarte mannen at han køyrde forbi ein bil, og falt for freistinga til å gi på litt ekstra.

Politiet prøvde å stanse føraren, men då han igjen kom seg unna blei det sett opp ei vegsperring ved Glomset i nabokommunen Skodje.

Men godt synleg uniformert politi og blålys gjorde heller ikkje at han stoppa.

– Han tok seg forbi denne sperringa også med svært hasardiøs køyring, forklarte operasjonsleiar i politiet, Borge Amdam den gong.

Forsvann og starta leiteaksjon

Etter at han stakk av frå politiet oppsøkte dei den registrerte eigaren av motorsykkelen, men fekk ikkje kontakt med han. Det fekk heller ikkje pårørande. Politiet frykta derfor at det var skjedd han noko.

Dei sette i gang leiteaksjon. Både Røde Kors og Norske Redningshunder blei sett til å søke gjennom natta.

– Han blei ikkje skadd ved å komme seg unna den taktiske sperringa vi sette opp, men vi visste jo ikkje kva som kunne ha skjedd i minutta etter han passerte den, forklarte Amdam.

Utpå natta dukka mannen opp igjen.

– Då blei det konstatert at han var edru, og vi beslagla førarkortet og avskilta motorsykkelen, forklarte Amdam.

70 dagar i fengsel

No er mannen i Sunnmøre tingrett dømt til fengsel i 70 dagar og mister førarretten i tre og eit halvt år.

Ifølge dommen la retten vekt på at mannen er i ferd med å bli ein gjengangar. Det er tredje gong han har blitt dømt for å køyre for fort.

Mannen har tilstått råkøyringa. I retten forklarte han at han var i ferd med å selje motorsykkelen og at dette var ein av dei siste turane. Han sa at det kanskje var grunnen til at han opptredde så uansvarleg i trafikken.