NRK Meny
Normal

Må ha hjelp frå alpin redningsgruppe

Sunnmøre Alpine Redningsgruppe er klar til å dra til Eidsdal for å hjelpe til med å få ein tysk turist ut frå fjellet Vardegga i Eidsdal. Mannen er uskadd.

Laster kart, vennligst vent...

Vardegga er eit relativt høgt fjell i Norddal på 1453 meter.

Det var i 14:30-tida at ein tysk turist sjølv ringte til politiet og fortalde at han hadde gått seg fast i det 1453 meter høge fjellet Vardegga i Norddal.

– Mannen er knappe 40 år, og har rett og slett gått seg skorfast i fjellet. Han kjem seg verken opp eller ned, og difor må vi hjelpe han ut, seier operasjonsleiar Jon Kåre Flo hos politiet.

Den alpine redningsgruppa blir no henta i Ålesund av Sea King- helikopteret som er med i aksjonen.

Jon Kåre Flo

Jon Kåre Flo er operasjonsleiar hos politiet i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er skodde på toppen av Vardefjellet, og når det i tillegg er mykje stein og laust fjell i området, kan helikopteret ikkje lande i nærleiken av mannen, seier Flo.

I staden vil så snart som råd, fire ned folk frå den alpine redningsgruppa, slik at dei kan løfte mannen ut av området, inn i helikopteret og ut av fjellet.

Røde Kors Hjelpekorps er også på staden for kunne assistere om det blir behov, fortel Jon Kåre Flo.