Må grave før brubygging

To steinalderlokalitetar må gravast ut før Nerlandsøybrua i Herøy kan byggast. Det melder Vestlandsnytt. Herøy kommune har fått brev frå Riksantikvaren om at konfliktane om arkeologi i området kan løysast gjennom utgraving av to registrerte steinalderlokalitetar på Kvalsund. Utgravinga kan ha stort potensial for å gi auka kunnskap om overgangen frå eit jakt- og fiskebasert samfunn, til eit jordbruksbasert samfunn.