Hopp til innhold

Ber om hjelp til å flytte 20 000 bøker

Volda bibliotek har litt av ein jobb dei må gjere dei neste vekene. Rundt 20 000 bøker må flyttast inn i nye lokale. No ber dei om hjelp frå kundane sine.

Tove Aurdal Hjellnes

Biblioteksjefen viser fram nokre av dei 20 000 bøkene og filmane som må flyttast. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Volda bibliotek

Siste opningsdag før jul.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dersom alle låner ekstra mange bøker før stenginga av gamlebiblioteket 27. november vert flytteprosessen enklare, seier Tove Aurdal Hjellnes som er biblioteksjef.

Med ekstra mange bøker på utlån vert det ikkje fullt så mange bøker som først må pakkast ned, flyttast og pakkast opp att i dei nye lokale i den nye rådhusdelen i Volda som er under bygging.

Lesestoff til jul

Boktraller

Boktraller som ventar på å verte flytta.

Foto: Arne Flatin / NRK

I tillegg får folk sikra seg ekstra med lesestoff i tida fram mot jul.

– Ettersom biblioteket vert stengt frå 27.november og på ubestemt tid, truleg ut i januar ein gong, kan det vere lurt å ordne seg godt med lesestoff, seier Aurdal Hjellnes.

Ho trur folk flest ikkje greier å tenke seg kor omfattande jobben er med å pakke ned 20 000 bøker, flytte dei inn i nye lokale og pakke dei opp att før dei skal setjast inn på rett plass i hyllene.

Volda bibliotek har gode besøkstal og har mange faste kundar som ofte er innom.

Mellombels lokale

Det er berre seks år sidan Volda bibliotek flytta sist. Lokala dei har no er mellombels, men på grunn av brannen i rådhuset for nokre år sidan har lokala vorte nærast permanente.

No er den nye rådhusdelen straks ferdig og klar for innflytting. Dermed må det flyttesjau til.

Heldigvis har biblioteket fått kontakt med fleire privatpersonar og grupper som vil hjelpe til slik at flyttinga nærast vert som ein dugnad.

Biblioteksjefen tek likevel ingen sjansar. Dei skal ikkje stresse for mykje. Sist det var flytting vart det sjukmeldingar i etterkant på tilsette, så det vil ho unngå no.

Eige Skype-rom

Men at dei nye lokala vert flotte, det er det ingen tvil om. Blant anna skal dei ha eit eige Skype-rom, der folk kan vere så høgrøysta som dei berre vil. Det er lenge sidan det var hysj-hysj i biblioteka, seier Aurdal Hjellnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL