Hopp til innhold

Må fjerne avfall i gruvesjakt

Miljødirektoratet varslar at dei vil pålegge Nærings- og fiskeridepartementet å fjerne ulovleg lagra avfall frå personellsjakta ved gamle Rødsand Gruber på Rausand i Nesset. Under ei synfaring tidlegare i haust blei det avdekt 25 til 30 sekkar med farleg avfall inne i gruva og gassutvikling i personellsjakta som er fylt med vatn. Ein veit ikkje kven som har lagra avfallet, og sidan staten no eig dei gamle gruvene, får departementet ansvar med å fjerne avfallet innan 1.mai neste år.

Sekker med farlig avfall i sjakt i Rødsand Gruber
Foto: Isola/Øverli Risikorapport